Kyr folkestad
AVTALE: Bøndene får kompensert for auka kostander, her kyr på Folkestadsetra. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Bøndene fekk innfridd krava – men straumrekninga må vente

Jordbruket blir kompensert med 754 millionar kroner for auka kostnader etter at partane vart samde i tilleggsforhandlingane.

28.10.2021

Auka straumprisar blir ikkje omfatta.

Bondeorganisasjonane og staten har i haust forhandla om kompensasjon til bøndene på grunn av ein kraftig prisauke på kunstgjødsel og andre varer.

Torsdag vart partane samde om ein førebels kompensasjon på 754 millionar kroner over budsjett. Beløpet svarer til kravet frå jordbruket.

– Vi har ein kraftig kostnadsvekst som svekkjer økonomien til bonden, som også påverkar vår evne til å produsere mat. Utan denne kompensasjonen ville inntekta til bonden sakka endå meir akterut, seier Bjørn Gimming, leiar i Norges Bondelag.

Ser på straumprisane seinare
Kravet frå bøndene om at auka straumprisar òg måtte kompenserast, fekk dei derimot ikkje gjennomslag for.

– Vi løfta inn auken i straumprisar på nytt då forhandlingane kom i gang igjen med ny regjering. Det var ikkje mogleg å få til, men vi har fått ein avtale om at det skal vurderast særskilt i jordbruksoppgjeret i vår. Det blir svært viktig, seier Gimming.

Det var i sommar at bøndene la fram krav om nye forhandlingar etter at prisane på kunstgjødsel og andre varer skaut i vêret. Forhandlingane kom i gang i august, men vart sett på pause i september då det vart klart at ei ny regjering skulle ta over. Forhandlingane vart tekne opp igjen tysdag 19. oktober.

Kompensasjonen blir utbetalt i februar neste år som ein del av den ordinære utbetalinga av produksjonstilskot.

– Vart høyrt
Gimming og Kjersti Hoff, leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, meiner det var viktig at forhandlingane kom i mål raskt.

– Vi er positive til at den nye regjeringa deler røyndomsoppfatninga med jordbruket. Jordbruket har vore tydelege på å vise alvoret i situasjonen, og vi opplever at vi har vorte høyrde, seier Hoff.

I juni vedtok Stortinget ein inntektsvekst på 18.700 kroner per årsverk for jordbruket, men kostnadsaukane har allereie ete opp dette.

– Inntektsveksten er framleis svært usikker sjølv med denne kostnadskompensasjonen. Med ein anstrengd økonomi i jordbruket, var dette heilt nødvendig å få på plass no, seier Hoff.

Inntektsveksten er framleis svært usikker sjølv med denne kostnadskompensasjonen
Kjersti Hoff

Borch glad for semje
Landbruks- og matminister Sandra Borch (Ap) seier seg fornøgd med at partane på kort tid har vorte samde.

Ho seier ein vil ta opp tråden igjen rundt straumprisane i jordbruksoppgjeret til våren. Då vil det finnast eit fullstendig grunnlagsmateriale, og ein kan vurdere kor stor kostnadsveksten har vore både for gjødsel og bygningsmateriale, men også for straum.

– Dette har vore ein lang prosess – frå jordbruket leverte kravet sitt om tilleggsforhandlingar til den førre regjeringa som ikkje greidde å lande ei løysing, seier Borch.

– Denne regjeringa anerkjenner at kostnadsauken på gjødsel og bygningsmateriale er ein ekstraordinær situasjon for jordbruket. Vi viser med dette at vi saman tek ansvar for norsk matproduksjon, seier landbruks- og matministeren.

Avtalen presiserer at om lag to tredelar av inntektene til jordbruket er marknadsinntekter. Ein auke her vil òg ha betydning for det samla resultatet, presiserer ho.

– Jordbruket lever i hovudsak av inntekter frå marknaden. I den situasjonen vi no står i, forventar eg at heile verdikjeda er med og tek ansvar for dei auka kostnadene hos bøndene. Eg vil ta initiativ til møte med fleire aktørar i verdikjeda der dette blir tema, seier Borch.

Publisert: 28.10.2021 16:30

Sist oppdatert: 28.10.2021 16:34

Mer om