Under Erfaringskonferansen i regi av Norwegian Maritime Exporters i Ulsteinvik denne veka tok Oftedal for seg utviklinga av nye miljøkrav.
Han var sikker på at det framover kom ei rekkje nye krav i regi av International Maritime Organization (IMO).
- Strengare krav vil vere ein stor fordel for norske leverandørar, som er kjende for å levere kvalitet og levere utstyr som varer.
- Om vi ikkje har ein velfungerande heimemarknad bygt på gode og sunne miljøkrav, vil vi ikkje vere i posisjon når dei internasjonale krava kjem, sa Oftedal, som er spesialrådgjevar i Klima- og miljødepartementet.
Han viste til innføring av ei rekkje nye miljøkrav i IMO-regi dei siste åra.
Blant anna kom det krav rundt svovelutslepp i 2015 for deler av Nordsjøen, Austersjøen og Nord-Amerika.
- Desse krava vart framforhandla i 2008, men kom først i kraft i 2015.
- Vi har forbod mot bruk av tungolje i Antarktis. No har vi ein diskusjon om det også skal gjelde for Arktis.
Oftedal fortalde om strengare krav rundt designutforming av skip, og rapporteringskrav rundt kor mykje bunkers ein brukar.
- På ballastvatn etablerte ein krav til reinsing før ein hadde teknologien på plass.
- Mange av produsentane hadde ikkje økonokiske musklar og gjekk konkurs undervegs. Det vart for dyrt med utviklingsarbeidet, i tillegg til at godkjenningsprosessane også er krevjande.
No er derimot konvesjonen ratifisert, og gir store mulegheiter for norske selskap.
– Det vert også diskutert retningslinjer på undervass-støy, og sjølv om retningslinjer på plastutslepp for lengst er innført, vert diskutert endringar for å gjere krava meir effektive.
– Det vert også diskutert strengare krav rundt utslepp av kloakk.
– Vi har ekstremt lita tid om vi vi skal løyse klimaproblema og innfri utsleppsmåla.
– I dag kan vi stoppe veksten av utsleppa, men for å redusere utsleppa trengst det ny teknologi, spesielt rundt kva drivstoff ein kan bruke.
Oftedal viste til at Norge hadde lansert ein plan for grøn norsk skipsfart.
– Vi treng at nokon viser veg for å løyse klimaproblema. Her bør Norge ta ei klar leiarrolle.
Han var sikker på at det framover kom ei rekkje nye krav i regi av International Maritime Organization (IMO).
- Strengare krav vil vere ein stor fordel for norske leverandørar, som er kjende for å levere kvalitet og levere utstyr som varer.
Viktig heimemarknad
Men han meinte at det var viktig også å ha ein heimemarknad for å lukkast internasjonalt.- Om vi ikkje har ein velfungerande heimemarknad bygt på gode og sunne miljøkrav, vil vi ikkje vere i posisjon når dei internasjonale krava kjem, sa Oftedal, som er spesialrådgjevar i Klima- og miljødepartementet.
Han viste til innføring av ei rekkje nye miljøkrav i IMO-regi dei siste åra.
Blant anna kom det krav rundt svovelutslepp i 2015 for deler av Nordsjøen, Austersjøen og Nord-Amerika.
- Desse krava vart framforhandla i 2008, men kom først i kraft i 2015.
Sot og tungolje
I 2016 kom strengare krav rundt NOx-utslepp for skip, og no er det på gang strengare krav rundt sot i Arktis.- Vi har forbod mot bruk av tungolje i Antarktis. No har vi ein diskusjon om det også skal gjelde for Arktis.
Oftedal fortalde om strengare krav rundt designutforming av skip, og rapporteringskrav rundt kor mykje bunkers ein brukar.
Krevjande teknologiutvikling
Han viste til at det fanst døme på der krava kom før teknologien var på plass, blant anna galdt det ved innføring av ballastvatnreinsekonvensjonen.- På ballastvatn etablerte ein krav til reinsing før ein hadde teknologien på plass.
- Mange av produsentane hadde ikkje økonokiske musklar og gjekk konkurs undervegs. Det vart for dyrt med utviklingsarbeidet, i tillegg til at godkjenningsprosessane også er krevjande.
No er derimot konvesjonen ratifisert, og gir store mulegheiter for norske selskap.
Groing og undervass-støy
Men no er det også på gang diskusjonar i IMO om ein skal ha nye retningslinjer for fjerning av groing på skip.– Det vert også diskutert retningslinjer på undervass-støy, og sjølv om retningslinjer på plastutslepp for lengst er innført, vert diskutert endringar for å gjere krava meir effektive.
– Det vert også diskutert strengare krav rundt utslepp av kloakk.
- Dårleg tid
Oftedal bad norske utstyrsleverandørar bu seg på at uansett vert miljøkrava fleire og strengare.– Vi har ekstremt lita tid om vi vi skal løyse klimaproblema og innfri utsleppsmåla.
– I dag kan vi stoppe veksten av utsleppa, men for å redusere utsleppa trengst det ny teknologi, spesielt rundt kva drivstoff ein kan bruke.
Oftedal viste til at Norge hadde lansert ein plan for grøn norsk skipsfart.
– Vi treng at nokon viser veg for å løyse klimaproblema. Her bør Norge ta ei klar leiarrolle.
Strengare krav vil vere ein stor fordel for norske leverandørar,
Publisert: 24.01.2020 05:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:51






