Atlantic Sapphire fisketank bluehouse foto Atlantic Sapphire 11
FLORIDA: Atlantic Sapphire driv med landbasert oppdrett i den amerikanske delstaten Florida. Laksen blir selt under merkenamnet Bluehouse Salmon. Foto: Atlantic Sapphire
Nytt

Børsdag: Avslutta veka med mest raudt

Minus for 12 av 16 selskap frå nordvest.

Marius Rosbach
21.04.2023

Fredagen enda med mykje raude tal på Oslo børs – både for selskapa frå Nordvestlandet – og for handelen elles.

Einaste lyspunktet sett frå regionen var Statt Torsk, som fekk ein opptur etter torsdagens botnnotering. Også Arctic Bioscience, Hofseth Biocare og Havila Shipping hamna i pluss.

Elles var det minus på dei 12 andre selskapa frå nordvest. Eqva-aksjen hadde den dårlegaste dagen med eit fall på 9,36 prosent til 3,1 kroner aksjen.

Atlantic Sapphire var torsdag kveld nest sist ute med å gjere offentleg årsrapporten for 2022 av selskapa frå Nordvestlandet. Den viste at det var eit tøft år for selskapet som driv med landbasert oppdrett i Florida, USA.

Investorane sende aksjen ned fredag, etter å ha lest om korleis selskapet fekk uventa tilbakeslag og difor ikkje nådde måla verken økonomisk, eller i produksjonen.

Atlantic Sapphire har mellom anna endra planar for framdrifta, frå å prioritere utbygging av andre byggetrinn i anlegget ved Miami i USA til å få lønsemd i drifta av første byggetrinn.

Hovudindeksen på Oslo børs fredag enda med nedgang fredag på 0,5 prosent til 1.210,24. Det gjorde at også veka totalt enda med nedgang for hovudindeksen.

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Statt Torsk 0,96 6,90 %
Arctic Bioscience 10,8 3,85 %
Hofseth Biocare 3,48 2,35 %
Havila Shipping 14,92 0,54 % |
Salmon Evolution 7,88 -0,13 %
Havila Kystruten 9,54 -0,21 %
Sparebanken Møre 77,5 -0,35 %
Atlantic Sapphire 5,25 -0,94 %
Hexagon Purus 22,35 -1,54 %
Endúr 47,3 -1,66 %
Hexagon Composites 31,26 -1,70 %
Hav Group 10,65 -2,29 %
Norva24 Group * 28,35 -2,92 %
Nortel 27,8 -4,14 %
Golden Energy Offshore Services 1,11 -5,93 %
Eqva (tidl. Havyard Group) 3,1 -9,36 %

Publisert: 21.04.2023 17:39

Sist oppdatert: 21.04.2023 17:53

Mer om