Johan Andreassen Atlantic Sapphire GATH 2022 foto Ogne
UTFORDRANDE: Johan H. Andreassen er styreleiar, medeigar og medgrunnleggar i Atlantic Sapphire, som driv landbasert lakseoppdrett ved Miami i Florida. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Tøft år for Atlantic Sapphire

La om kursen etter trøbbel.

21.04.2023

- 2022 har vore eit utfordrande år for Atlantic Sapphire. Vi fekk uventa tilbakeslag og nådde difor ikkje våre produksjons- eller økonomiske mål, skriv styreleiar, medgrunnleggar og medeigar Johan E. Andreassen i årsmeldinga for 2022, som no er offentleg.

Les børsmelding med årsrapporten her

Den største utfordringa kom i fjor haust, då selskapet måtte framskunde slakting på grunn av auka dødelegheit. På få dagar stupte kursen frå 12,90 til under fem kroner aksjen.

Forbetra anlegget og endra planar
Problemet var inne i anlegget og selskapet skriv at det har hatt ein "reset" av anlegget, spesielt når det gjeld biofilter - for å hindre sedimentering og oksygenmangel.

I tillegg har anlegget frå fleire overvakingskamera, fornya vasskjølesystem og ozonanlegg (som rensar vatnet).

Atlantic Sapphire har også endra planar for framdrifta, frå å prioritere utbygging av andre byggetrinn i anlegget ved Miami i USA til å få lønsemd i drifta av første byggetrinn.

Atlantic Sapphire rapporterer rekneskapstal i amerikanske dollar. Underskotet i 2022 var på 65 millionar dollar, som tilsvarar omlag 690 millioner kroner.

Grunnleggarane eig mindre
Ved utgangen av 2022 eigde selskapet Alsco 6,8 prosent og Jea Invest 1,2 prosent i det landsbasert oppdrettselskapet Atlantic Sapphire, som driv landbasert lakseoppdrett ved Miami i USA. Alsco var også nest største eigar i det børsnoterte selskapet.

Etter kapitalutvidingane i år - der Alsco/Jea Invest ikkje gjekk inn med pengar for å oppretthalde eigarandelen sin - er den samla eigarandelen til Alsco og Jea Invest redusert til 4,22 prosent, ifølgje ei børsmelding.

Alsco har forretningsadresse i Vikebukt -akkurat som Atlantic Sapphire - med blant andre to av Atlantic Sapphire-grunnleggarane, styreleiar Johan Emil Andreassen og Bjørn-Vegard Løvik som aksjonærar. Jea Invest er Andreassen sitt investeringsselskap.

Atlantic Sapphire ASA
Tal i mill. US dollar20222021
Driftsinntekt19,016,9
Driftsresultat-62,3-132,3
Resultat før skatt-65,0-132,8

Publisert: 21.04.2023 08:00

Sist oppdatert: 21.04.2023 08:24

Mer om