I slutten av juni år år vart aksjar i Hexagon Composites handla til under 20 kroner aksjen. I dag var kursen 31,08 kroner. Høgare har ikkje kursen vore sidan mai 2021.
Hexagon Composites har tidlegare i sommar redusert sin eigarandel i Hexagon Purus til under 50 prosent. Det gjer at Hexagon Purus-tala ikkje blir konsolidert inn i Hexagon Composites, som gjer Hexagon Composites-rekneskapen lettare å lese.
Hexagon Composites lagar tankar og system for bruk av natur- og biogass som energikjelde.
Hexagon Purus - som var ein del av Hexagon Composites før det vart skilt ut og børsnotert - gjer det same for hydrogen. I tillegg lagar Hexagon Purus batteripakkar og - system.
| Børsnoterte selskap på Nordvestlandet | ||
| Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
| Hexagon Composites | 31,08 | 3,88 % |
| Arctic Bioscience | 9,74 | 1,46 % |
| Eqva (tidl. Havyard Group) | 2,99 | 1,36 % |
| Norva 24 Group* | 24,90 | 1,22 % |
| Hav Group | 10,00 | 1,01 % |
| Endúr | 40,00 | 0,76 % |
| Hofseth Biocare | 3,04 | 0,00 % |
| Salmon Evolution | 6,63 | -0,30 % |
| Sparebanken Møre | 76,05 | -0,45 % |
| Nortel | 27,00 | -1,46 % |
| Havila Kystruten | 1,17 | -2,09 % |
| Hexagon Purus | 18,32 | -2,14 % |
| Golden Energy Offshore Services | 1,11 | -2,46 % |
| Havila Shipping | 11,10 | -2,80 % |
| Atlantic Sapphire | 4,62 | -4,84 % |
| Statt Torsk | 0,49 | -14,81 % |
| * Kurs i SEK | ||
Publisert: 18.08.2023 17:41
Sist oppdatert: 18.08.2023 17:41






