Børsdagen: Ser håp i krympa torskefiske
Vesterålen Havbruk skal hente inntil 100 millionar kroner i samband med samanslåinga med Statt Torsk.
I ein presentasjon for potensielle investorar i dag er ein graf som viser venta utvikling i torskekvotane framover det første Vesterålen Havbruk viser fram.
Ei samla torskekvote på 890 tusen tonn i 2021 vil krympe til 453 tusen tonn i 2024, og ligge rundt 350 tusen tonn i åra 2025-2027, fortel Vesterålen Havbruk i presentasjonen.
Les børsmelding frå Vesterålen Havbruk her
Tala viser den samla kvoten, som blei fordelt på Noreg, Russland og Island.
Neste år er torskekvoten redusert med 20 prosent, for andre år på rad. Blir det enda lågare, over fleire år, er det truleg godt nytt for torskeoppdrettselskapa - gitt at dei klarer å auke produksjonen og kan levere jamt og påliteleg ut til kundane.
Torskeoppdrett har hatt både opp og nedturar tidlegare. Førre nedtur vart utløyst av ein kombinasjon av produksjonsvanskar og store torskekvotar. No har mellom anna avlsarbeidet gjort torsk til ein litt lettare art å drive oppdrett på, og nedgangen i torskefisket vil redusere konkurransen frå vill torsk - i alle fall i ein periode.
Det kan trengast. Som 3. kvartalstala til Statt Torsk viser, kostar det å bygge opp eit torskeoppdrettselskap. Samanslåinga med Vesterålen Havbruk er også ei løysing for å kome ut av ein situasjon der Statt Torsk måtte ha påfyll av pengar for å klare seg. Statt Torsk driv torskeoppdrett på Nordvestlandet.
Les børsmelding om Statt Torsk-resultatet per 3. kvartal her
Dagens eigarar i Vesterålen Havbruk og Statt Torsk har garantert at dei vil gå inn med 50 millionar kroner, slik at minimumssbeløpet i den planlagte emisjonen er sikra.
Pareto Securities og SpareBank 1 Marketser leigd inn for å hjelpe til med kapitalutvidinga.
Statt Torsk blir stroke frå notering på Oslo Børs i samband med samanslåinga. Vesterålen Havbruk - medrekna Statt Torsk - siktar på å bli børsnotert innan eitt til tre år. Då skal selskapet har passert ein milliard kroner i driftsinntekter og ha overskot på drifta.
Artikkelen er oppdatert etter at børshandelen var over for i dag, med aksjekursar for dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet.
Statt Torsk ASA | ||
Pr. 3. kvartal. I mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 93,0 | 12,2 |
Driftsresultat | -79,5 | -25,8 |
Resultat før skatt | -83,8 | -27,6 |
Statt Torsk ASA | ||
3. kvartal. I mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 14,1 | 3,7 |
Driftsresultat | -59,0 | -11,1 |
Resultat før skatt | -60,5 | -12,0 |
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Havila Shipping | 6,99 | 8,04 % |
Hav Group | 9,90 | 7,84 % |
Norva 24 Group* | 20,10 | 6,12 % |
Hexagon Purus | 11,36 | 4,22 % |
Statt Torsk | 0,50 | 4,17 % |
Eqva (tidl. Havyard Group) | 2,58 | 3,20 % |
Atlantic Sapphire | 1,44 | 3,15 % |
Hexagon Composites | 27,42 | 2,70 % |
Sparebanken Møre | 76,55 | 0,53 % |
Arctic Bioscience | 8,30 | 0,00 % |
Havila Kystruten | 0,79 | -0,25 % |
Endúr | 39,70 | -0,50 % |
Salmon Evolution | 5,98 | -1,64 % |
Hofseth Biocare | 2,80 | -1,75 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,22 | -5,74 % |
* Kurs i SEK |
Publisert: 03.11.2023 11:30
Sist oppdatert: 03.11.2023 16:47