Oslo børs 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
EITT SELSKAP MINDRE: Statt Torsk kan bere på veg ut av Oslo Børs. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Statt Torsk søkjer naudhamn i Vesterålen

Ei samanslåing med Vesterålen Havbruk kan bli løysinga for Statt Torsk.

16.08.2023

Statt Torsk har inngått ei intensjonsavtale med Vesterålens Havbruk om å inngå ein allianse, der strukturen i alliansen førebels ikkje er avklart, ifølgje ei børsmelding som blei sendt ut etter at børsen stengte i dag.

Statt Torsk starta tidlegare i sommar ein prosess for å både finne kortsiktig finansiering og ein langsiktig avtalt som kan sikre selskapet etter fleire tilbakeslag.

Intensjonsavtalen verdset Statt Torsk til 255 millionar og verdien av Vesterålen Havbruk til 610 millionar kroner. Den verdien tilsvarar ei aksjekurs på 1,20 kroner for Statt Torsk, som er mange gangar høgare enn dagens kurs på 0,286 kroner aksjen.

Kva som er realistisk verdsetjing kan heilt sikkert diskuterast. Vel så viktig er kanskje bytteforholda mellom dei to selskapa. Det er Vesterålen Havbruk som størst.

Vesterålen Havbruk driv med torskeoppdrett akkurat som Statt Torsk. Selskapet hadde 28,2 millionar kroner i driftsinntekt i fjor og eit resultat før skatt på minus 37,2 millionar kroner.

Eit mogleg utfall er at Statt Torsk-eigarane blir kjøpt ut med aksjar i Vesterålen Havbruk og at Statt Torsk blir stroke frå notering på Oslo Børs.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Statt Torsk 0,29 5,93 %
Salmon Evolution 6,94 5,47 %
Golden Energy Offshore Services 1,12 1,82 %
Hexagon Composites 28,28 1,00 %
Endúr 40,00 0,50 %
Hofseth Biocare 3,00 0,00 %
Sparebanken Møre 75,98 -0,03 %
Eqva (tidl. Havyard Group) 2,99 -0,33 %
Norva 24 Group* 24,75 -0,40 %
Hexagon Purus 18,60 -0,85 %
Havila Shipping 11,22 -0,88 %
Havila Kystruten 1,21 -1,23 %
Hav Group 10,00 -1,96 %
Nortel 26,60 -2,92 %
Arctic Bioscience 9,60 -4,00 %
Atlantic Sapphire 4,72 -4,65 %
* Kurs i SEK

Publisert: 16.08.2023 17:26

Sist oppdatert: 16.08.2023 17:29