Børsdagen: Nedtur etter nye tal
Hav Group held fast på at selskapet får ein stor vekst, men i aksjemarknaden ga det liten gevinst i dag.
Optimistiske vekstprognoser og auka ordreinngang i kvartalsrapporten løfta ikkje verdien av Hav Group-aksjane i dag. Då børsen stengte for dagen hadde Hav Group-aksjane falle 4,79 prosent, til 8,74 kroner.
Det verdset selskapet til 307 millionar kroner og er berre like over botnivået frå slutten av 2022.
Så seint som i mars 2022 var kursen oppe i 17,50 kroner aksjen, hårfint under toppnoteringa frå året før. Deretter har det gått nedover med verdien, men unntak av ei kort periode mellom slutten av januar og starten av mars i år.
Dagens vinnar blant selskapa på Nordvestlandet blei nok ein gang torskeoppdrettselskapet Statt Torsk, der kjøp av aksjane i selskapet er en måte å blir medeigar i eit samanslått Vesterålen Havbruk/Statt Torsk.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Statt Torsk | 0,90 | 8,43 % |
Arctic Bioscience | 9,30 | 1,09 % |
Norva 24 Group* | 24,00 | 1,05 % |
Atlantic Sapphire | 1,32 | 0,77 % |
Endúr | 40,80 | 0,74 % |
Hofseth Biocare | 2,80 | 0,72 % |
Havila Kystruten | 0,88 | 0,00 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,27 | -0,47 % |
Sparebanken Møre | 73,70 | -0,94 % |
Hexagon Composites | 25,46 | -1,32 % |
Salmon Evolution | 6,31 | -1,41 % |
Hexagon Purus | 9,61 | -1,64 % |
Havila Shipping | 6,21 | -2,66 % |
Hav Group | 8,74 | -4,79 % |
Eqva | 2,81 | -6,02 % |
* Kurs i SEK |
Publisert: 24.11.2023 16:58
Sist oppdatert: 24.11.2023 17:02