Equinor er det største selskapet på Oslo Børs og veg tungt i hovudindeksen. Meldinga som kom i dag om at Whisting-prosjektet er utsett blei mottatt med eit kursfall på 3,17 prosent. Hovudindeksen enda 0,01 prosent opp samanlikna med i går.
Arctic Bioscience blei dagens vinnar blant selskapa på Nordvestlandet, med ein oppgang på 6,79 prosent.
Hofseth Biocare hadde nok ein dårleg dag på børsen, med eit kursfall på 8,03 prosent. I løpet av den siste veka har aksjenkursen i selskapet falle 16,9 prosent og hittil i år er kursfallet 59,4 prosent.
150-million-kontrakt til Hexagon Composites: Hexagon Composites sitt datterselskap Hexagon Agility skal levere store mobile gasstankar til selskapet Xpress Natural Gas LLC. Kontrakten er på omlag 150 millionar kroner, ifølgje ei børsmelding. Slike tankar blir brukt til energiforsyning til område der det ikkje er bygd ut gassrøyr-nettverk.
Salmon Evolution-kjøp: : Fondsforvaltningsselskapet DNB Asset Management varsla i dag å ha kome opp i 4,96 prosent eigarandel i Salmon Evolution, som driv landbasert oppdrett i Indre Harøy i Romsdal. DNB Asset Management sto tidlegare ikkje på lista over dei 20 største aksjonærane i Salmon Evolution, men Verdipapirfondet DNB SMB og Verdipapirfondet DNB Selektiv står med 1,4 prosent eigarskap kvar og Verdipapirfondet DNB Norge med 1,8 prosent.
| Børsdagen | ||
| Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
| Arctic Bioscience | 14,95 | 6,79 % |
| Hav Group | 9,90 | 4,21 % |
| Hexagon Composites | 25,49 | 3,76 % |
| Atlantic Sapphire | 6,990 | 2,87 % |
| Hexagon Purus | 22,00 | 2,33 % |
| Endúr | 35,15 | 0,70 % |
| Salmon Evolution | 8,85 | 0,00 % |
| Havila Kystruten | 17,50 | 0,00 % |
| Statt Torsk | 2,98 | -0,48 % |
| Sparebanken Møre | 74,50 | -0,67 % |
| Havyard Group | 3,33 | -0,75 % |
| Golden Energy Offshore Services | 1,94 | -0,77 % |
| Havila Shipping | 14,36 | -1,24 % |
| Norva 24* | 31,65 | -1,85 % |
| Nortel | 19,90 | -3,40 % |
| Hofseth Biocare | 2,75 | -8,03 % |
| *Svenske kroner |
Publisert: 10.11.2022 16:58
Sist oppdatert: 10.11.2022 16:47






