Henning Borgen Havard Saetre Eirik Haakonsholm foto Vard Ogne
STARTA I 2021: Sirius Design & Integration blei starta i 2021 av Henning Borgen (f.v.), Håvard Sætre og Eirik Haakonsholm. Den fjerde medgrunnleggeren er Christian Søvik. Foto: Vard/Ogne Øyhaug
Nytt

Nykommar med nok ei designkontrakt

Sirius Design & Integration sikra nytt oppdrag med fleirbruksskip.

Marius Rosbach
10.04.2026

Berre ein månad etter førre kontrakt blei meldt, opplyser Sirius Design & Integration at dei har sikra seg oppdraget med å designe eit fleirbruksfartøy som Finnsnes Dykk & Anleggservice skal bygge ved Zamakona-verftet i Spania. 

Selskapet er valt som design- og systemintegrasjonspartnar på fartøyet som skal leverast i andre kvartal 2028. 

Verdien på oppdraget blir ikkje opplyst. 

Sirius Design Integration fleirbruksbat Finnsnes Dykk Anleggservice illustrasjon
NYTT DESIGN: Det kring 50 meter lange fartøyet er resultatet av eit nytt designkonsept som kan nyttast til ulike operasjonar Illustrasjon: Sirius Design & Integration

Kan nyttast på ulike måtar
Det kring 50 meter lang og 14 meter breie skipet blir skreddarsydd for fleirbruksoperasjonar, inkludert ankerhandtering, offshore, fiskeoppdrett og røyrlegging, opplyser selskapet. 

Fartøyet vil også kunne nyttast til operasjonar med ROV-ar (fjernstyrte undervassfarkostar), i tillegg til at det vil ha eit fleksibelt dekk for spesialoperasjonar. Om bord blir det mellom anna tre kraner og ein ROV-hangar.

Skipet blir utstyrt med diesel-elektrisk framdrift, og vil bli klargjort for drift med sokalla HVO-drivstoff – ein form for biodiesel som gir betydeleg utsleppsreduksjon. 

Gjennombrot i 2023
Sirius Design & Integration blei starta i 2021 og gjennombrotet kom i 2023. 

Året etter hadde Ålesund-selskapet kome opp i 11 tilsette og omsette for kring 22 millionar kroner. 

Selskapet blei starta av dei tidlegare kollegaene fra Vard, Håvard Sætre, Eirik Haakonsholm, Henning Borgen og Christian Søvik. Dei fire er til saman også de største eigarane i selskapet.

Publisert: 10.04.2026 09:04

Sist oppdatert: 10.04.2026 09:56

Mer om