Robert Haugen hexagon Purus Maritime foto Marius 11
FRAMLEIS KLAR TIL LEVERING: Dagleg leiar Robert Haugen i Hexagon Purus Maritime hausten 2025 med hydrogensystemet som etter planen skal om bord i utdanningsfartøyet Skulebas. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Hydrogen til skuleskip er sett på vent

To år sidan verdas første fiskefartøy skulle segle på hydrogen. I Langevåg ventar eit splitter nytt anlegg framleis på grønt lys.

Marius Rosbach
10.04.2026

Opplæringsfartøyet Skulebas med base i Måløy skal etter planen bli eit foregangseksempel på korleis ein kan nytte hydrogen til sjøs. 

Tidsplanen som blei presentert hausten 2023 hadde som mål at hydrogenanlegget skulle vere ferdig installert allereie påska 2024. 

Slik gjekk det ikkje. Og i ettertid har prosjektet vore utsett fleire gonger. 

– Mannskapet om bord har ikkje høyrt noko om hydrogen på fleire månader. Det einaste vi har høyrt, er at det framleis er planlagt. Så vi heng litt i «limbo», fortel skippar Silje Restad til Nett No. 

Skulebas foto Hvide sande shipyard
FØRST UTE: MS Skulebas stod klart i 2023 og var bygd for å kunne ta i bruk hydrogen som energiberar. I dag har det drygt 35 meter lange opplæringsfartøyet diesel-elektrisk framdrift. Foto: Hvide Sande Shipyard.

Anlegget er leveringsklart
I mellomtida har Hexagon Purus Maritime jobba med å produsere anlegget som skal om bord. 

Allereie då Nett No besøkte bedrifta hausten 2025 stod anlegget meir eller mindre leveringsklart i lokala på Devoldfabrikken i Langevåg. 

– Vi har gjort det vi skulle og er klare til å levere. Men per no har det stoppa opp, seier dagleg leiar Robert Haugen i Hexagon Purus Maritime til Nett No. 

Har bedt om ny vurdering
Fylkestinget i Vestland har bedt om å få saka om hydrogenframdrift på Skulebas tilbake til behandling – med ei ny fagleg vurdering av konsekvensane for undervisning og tryggleiken.

Den diskusjonen overlater Haugen til politikarane. 

– Men vi ønskjer sjølvsagt at prosjektet kjem i gong igjen og blir behandla politisk. Det er også viktig for oss å understreke at vi har jobba med DNV og Sjøfartsdirektoratet for sjå til at det ikkje skal vere nokon tvil kring sikkerheita, seier han. 

Robert Haugen hexagon Purus Maritime foto Marius 22
MODELL: Hexagon Maritime Purus-sjef med ein modell av systemet som skal om bord på opplæringsskipet. Ålesund-selskapet Norwegian Hydrogen skal etter planen levere hydrogenet. Foto: Marius Rosbach

– Å ha ein slik båt er eit veldig godt tilbod til elevane, og gir moglegheita til å lære praktisk fiske heilt frå vidaregåande. Det å kunne jobbe med ny teknologi i ei slik setting, meiner eg er noko både regionen og Norge kunne vist seg fram på, seier han. 

Om bord er det også planlagt brenselceller og batteripakkar frå  Corvus Energy. I dag har fartøyet diesel-elektrisk framdrift. 

Levering til Greenpeace og oppdrett 
Hexagon Purus Maritime har nyleg levert eit hydrogenanlegg til eit 75 meter langt seglskip til Greenpeace. Haugen fortel at anlegget kom gjennom alle godkjenningar – og er klart til bruk. 

Ein hydrogendriven arbeidsbåt til Moen Marin i Rørvik er også nyleg godkjent av norske styresmakter etter omfattande testing. Om bord er tankar og system laga på Devoldfabrikken. 

– Alt er komplett og ferdig testa bygd i Langevåg, seier Haugen. 

Hexagon Purus Maritime greenpeace foto Marius 11
GREENPEACE-SKIP: Dette hydrogensystemet er no levert til eit 75 meter langt seglskip som Greenpeace har bygd ved Freire-verftet i Spania. Foto: Marius Rosbach

Har møtt fleire utfordringar
Framdrifta med å ta i bruk hydrogen på det drygt 35 meter lange skulefartøyet Skulebas har møtt ulike utfordringar. Først var det ulike godkjenningar som tok tid. 

Og i fjor blei det stilt spørsmål kring sikkerheita både frå lokalt tilsette, fiskarlag og politikarar. 

Då Terje Søviknes (Frp) stilte spørsmål om framdrifta i fylkesutvalet i Vestland sitt maimøte i fjor, fekk han til svar at installasjonen førebels var utsett. 

Etter det Nett No kjenner til, er det venta at saka om MS Skulebas kjem til politisk behandling i løpet av våren. Det lukkast ikkje Nett No å få stadfesta dette frå politisk leiing eller administrasjonen i Vestland fylkeskommune torsdag.

Publisert: 10.04.2026 05:00

Sist oppdatert: 09.04.2026 23:41

Mer om