Børsdagen: Aksjonærane fekk tilbake trua
Årets beste børsdag, men fleire selskap i nordvest fekk ikkje vere med på oppturen.
Oslo Børs steig heile 3,09 prosent torsdag, til 1.195,33 poeng.
Fleire selskap gjorde solide hopp, men viktigast for hoppet i hovedindeksen var at Equinor-aksjen steig heile 4,91 prosent til 344 kroner, noko som prisar heile selskapet til 1092 milliardar kroner.
Etter å ha vore under 100 dollar fatet onsdag, steig oljeprisen også kraftig torsdag. Ved handleslutt vart eitt fat Nordsjøolje handla til 105,92 dollar fatet, nesten seks prosent høgare enn onsdag.
Lavare produksjon
Aksjonærane på børsen let seg ikkje skremme av at Statistisk Sentralbyrå torsdag morgon publiserte nøkkeltal for norsk økonomi, som viser at BNP for fastlands-Norge fall 0,2 prosent i mai, og at norsk industriproduksjon var ned heile 2,2 prosent.
Trass den gode stemninga var det fleire av selskapa på Nordvestlandet som opplevde kursfall. Størst var fallet for Nortel, med 5,62 prosent, men på lave volum.
Opp på få handlar
I andre enden av skalaen finn ein Arctic Bioscience med ei oppgang på 10 prosent til 15,40 kroner, etter at selskapet var nær ny botnrekord onsdag. Men oppturen i dag kom av to handlar på totalt vel 31.000 kroner.
Derimot var det langt friskare handel i Salmon Evolution, som steig 5,01 prosent etter ei omsetning på knappe sju millionar kroner.
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Arctic Bioscience | 15,4 | 10,00 % |
Hexagon Purus | 25,5 | 5,11 % |
Salmon Evolution | 8,8 | 5,01 % |
Hexagon Composites | 28 | 2,41 % |
Atlantic Sapphire | 20,56 | 0,88 % |
Hav Group | 13,68 | 0,59 % |
Sparebanken Møre | 73,51 | 0,42 % |
Havyard Group | 3,42 | 0,29 % |
Endúr | 23,75 | 0,23 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,62 | 0,00 % |
Havila Kystruten | 20 | 0,00 % |
Hofseth Biocare | 3,7 | 0,00 % |
Statt Torsk | 1,97 | -0,51 % |
Havila Shipping | 14,8 | -1,20 % |
Norva24 Group* | 35,27 | -1,37 % |
Nortel | 18 | -5,62 % |
* I svenske kroner. Selskapet er registrert på Stockholms-børsen |
Publisert: 07.07.2022 16:45
Sist oppdatert: 07.07.2022 21:11