Oslo Børs Foto Marius Rosbach 11
OPPGANG: Hovudindeksen på Oslo børs gjekk opp nær ein prosent torsdag. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Børsdagen: Arctic Bioscience dagens vinnar

Har auka 80 prosent så langt i år. Sjekk børstabell for Nordvestlandet.

Marius Rosbach
23.01.2025

Arctic Bioscience var det børsnoterte selskapet frå Nordvestlandet som auka mest torsdag.

Kursen auka 7,84 prosent i løpet av dagen til 3,30 kroner dagen. Det svarar til ei auka på 80 prosent i år og nær toppnoteringa frå måndag. 

Kursen i Arctic Bioscience kollapsa i haust etter at resultata i ein studie om legemiddelstudie ikkje ga resultata dei håpte på. 

Arctic Bioscience-kursen kollapsa i fjor haust etter at dei ikkje fekk resultata dei håpte på i ein studie av ein legemiddelkandidat. Selskapet utviklar eit middel dei vil få godkjent som legemiddel mot hudsjukdomen psoriasis.

Ved starten av 2025 har kursen peika oppover igjen.

Aksjonærane og selskapet kryssar no fingrane for at studien viser meir eintydige resultat når undersøkinga er ferdig ved utgangen av første kvartal.

SelskapKurs i kroner%-endring i dag
Arctic Biosciencekr                   3,30 7,84 %
Salmon Evolutionkr                   6,87 4,41 %
Havila Shippingkr                   1,46 3,99 %
Romsdal Sparebankkr              125,50 3,72 %
Hofseth Biocarekr                   2,85 3,64 %
Sparebanken Mørekr                97,40 1,46 %
Havila Kystrutenkr                   0,85 1,19 %
Hexagon Compositeskr                42,75 1,18 %
Endúrkr                68,80 -0,29 %
Atlantic Sapphirekr                14,41 -0,61 %
Norva 24 Group*24,85 kr  -1,00 %
Golden Energy Offshore Serviceskr                19,40 -1,02 %
Hexagon Puruskr                   4,11 -2,03 %
Hav Groupkr                   6,10 -2,87 %
* Kurs i SEK  
   

Publisert: 23.01.2025 17:14

Sist oppdatert: 24.01.2025 09:25

Mer om