Oslo børs 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
KURSVEKST: Fleirtalet av dei børsnoterte selskapa på Nordveslandet hadde kursvekst i dag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Arctic Bioscience opptur

Dagens børsvinnar på Nordvestlandet.

13.01.2023

Arctic Bioscience varsla i går kveld at selskapet ha fått klarsignal for å gjennomføre den britiske delen av den medisinske testen av eit sildrogn-baserte middel mot hussjukdomen psoriasis.

Dette er ein del av ein større internasjonal studie av middelet. Får Arctic Bioscience testresultat som selskapet håper på her det rykka eit langt steg nærare den ettertrakta legemiddelgodkjenning som kan løfte selskapet frå eit helsekost- til eit legemiddelselskap.

I går, før kunngjeringa, steig aksjekursen i Arctic Biosciende sju prosent. I dag steig kursen 8,41 prosent, til 11,60 kroner aksjen. Den kursen verdset selskapet til 283 millionar kroner.

I alt vart det handla 18 aksjepostar i selskapet i dag, den største på 18.000 aksjar.

Endur har vedtatt eit bot på 200.000 kroner frå for Oslo Børs, melder selskapet. Bota er børsens reaksjon på at Endur i 2021 for seint fortalde aksjemarknaden at selskapet ikkje oppfylte lånevilkåra.

Les børsmelding her

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Arctic Bioscience 11,60 8,41 %
Havila Shipping 13,00 5,86 %
Golden Energy Offshore Services 1,35 3,85 %
Atlantic Sapphire 7,40 3,28 %
Hexagon Purus 25,26 1,85 %
Havila Kystruten 10,45 1,46 %
Endúr 27,87 1,35 %
Sparebanken Møre 80,44 1,31 %
Nortel 20,20 1,00 %
Salmon Evolution 8,32 0,73 %
Hexagon Composites 33,34 0,18 %
Hav Group 8,50 -1,05 %
Hofseth Biocare 3,10 -1,27 %
Statt Torsk 1,65 -4,07 %
Norva 24* 34,46 -4,28 %
Eqva (tidlegare Havyard Group) 2,99 -6,56 %
*Svenske kroner

Publisert: 13.01.2023 16:58

Sist oppdatert: 13.01.2023 17:01