Christer Valderhaug Converto foto Ogne
VIKTIG STEG: Godkjenninga er eit viktig steg for at Arctic Bioscicene-sjef Christer Valderhaug og selskapet får utvikla eit legemiddel mot psoriasis. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Fekk godkjend legemiddelstudie

Viktig milepåle for Arctic Bioscience.

Marius Rosbach
12.01.2023

Arctic Bioscience har fått godkjent søknaden om ein såkalla CTA (Clinical Trial Application) av britiske styresmakter, opplyser Ørsta-selskapet i ei børsmelding torsdag.

Selskapet påpeiker at dette er ein viktig milepåle i arbeidet deira med å utvikle eit legemiddel mot psoriasis.

Det dreiar seg om eit såkalla fase tre-studie av eit silderognbasert middel mot hudsjukdomen.

Programmet er ein større medisinsk test der forsøkspersonane bur i fem ulike land. Arctic Bioscience er no i ferd med å sette opp testplassar rundt i Storbritannia, og dei første pasientane er venta å starte opp no i januar.

Tidlegare medisinske testar i Noreg har vist positive resultat, men middelet må gjennom ein større og internasjonal test på vegen fram mot å bli godkjent som legemiddel.

Publisert: 12.01.2023 19:09

Sist oppdatert: 12.01.2023 19:13

Mer om