Arctic Bioscience steig 4,61 prosent prosent, til 11,35 kroner aksjen.
Arctic Bioscience lagar helsekostprodukt og utviklar medisin mot hudsjukdomen psoriasis, basert på silderogn.
I går melde selskapet om eit kjøp av eit oppstartselskap som produserer mikroalgar, Arctic Algae. Seljar var investeringselskapet Ronja Capital II, som også er størst eigar i Arctic Bioscience.
Ronja Capital II skal få oppgjer i aksjar, til kurs 17,27 kroner. I går reagert ikke investorane på kursen som vart sett som grunnlag for handelen, den høgaste kursen sidan januar 2022.
I dag ser det ut som om Arctic Algae-handelen gjorde litt inntrykk. Kursen steig straks etter børsopning, og nådde 12,45 kroner aksjen like etter klokka 10. Deretter fall kursen gradvis og enda på 11,35 kroner per aksje. Det er ein oppgang på 4,61 prosent samanlikna med ved børrslutt i går.
Denne artikkelen er oppdatert etter at børshandelen var over i dag.
Hexagon Purus har fått ein ny avtale om å levere hydrogentankar til det amerikanske bussprodusentent New Flyer, ifølgje ei børsmelding. Tankane skal brukast i bussar som brukar hydrogen som energiberar. I følgje børsmeldinga skal Hexagon Purus levere tankar for omlag 25 millionar kroner.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Arctic Bioscience | 11,35 | 4,61 % |
Statt Torsk | 1,44 | 4,35 % |
Salmon Evolution | 8,71 | 3,32 % |
Hexagon Composites | 35,32 | 2,02 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,75 | 1,45 % |
Havila Kystruten | 10,65 | 0,95 % |
Hav Group | 9,60 | 0,84 % |
Endúr | 30,00 | 0,64 % |
Atlantic Sapphire | 9,01 | 0,11 % |
Sparebanken Møre | 83,02 | -0,46 % |
Hexagon Purus | 28,40 | -1,05 % |
Eqva (tidlegare Havyard Group) | 2,90 | -1,36 % |
Norva 24* | 33,22 | -2,35 % |
Nortel | 23,80 | -3,25 % |
Havila Shipping | 19,89 | -4,98 % |
Hofseth Biocare | 2,57 | -6,20 % |
*Svenske kroner |
Publisert: 14.02.2023 16:00
Sist oppdatert: 14.02.2023 16:52