Børsdagen: Botnrekord for Statt Torsk
Statt Torsk-aksjen har falle 67 prosent i verdi sidan toppen.
Rett etter børsnotering i april 2021 vart Statt Torsk handla til 3,3 kroner aksjen. Torsdag var kursen 1,085, som er den lågaste sluttkursen selskapet har hatt.
Trenden har peika nedover for aksjekursen heile vegen og til og med skote fart sidan slutten av november i 2022. I dag fall kursen 11,79 prosent og gjorde selskapet til børstapar på Nordvestlandet.
Statt Torsk driv torskeoppdrett på Nordvestlandet. I desember i fjor henta selskapet 40 millionar kroner i ny eigenkapital til 1,70 kroner aksjen, og ytterlegare tre millionar kroner i ein retta emisjon til same kurs tidleg i januar i år.
I den andre enden av skalaen torsdag er Havila Shipping, med ein kursauke på 13,29 prosent, til 16,20 kroner aksjen. Det er opp 30,86 prosent sidan årsskiftet, men godt under å kursrekorden hittil i år, på 22,35 kroner aksjen, frå 23. januar .
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Havila Shipping | 16,20 | 13,29 % |
Endúr | 44,44 | 5,82 % |
Hexagon Composites | 34,12 | 5,57 % |
Salmon Evolution | 8,13 | 5,04 % |
Sparebanken Møre | 77,88 | 3,73 % |
Norva 24* | 29,00 | 3,20 % |
Hav Group | 10,98 | 1,67 % |
Hexagon Purus | 25,68 | 1,50 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,06 | 0,95 % |
Arctic Bioscience | 11,00 | 0,00 % |
Eqva (tidlegare Havyard Group) | 3,18 | 0,00 % |
Atlantic Sapphire | 5,66 | -0,53 % |
Nortel | 30,00 | -1,32 % |
Hofseth Biocare | 2,70 | -3,23 % |
Havila Kystruten | 9,48 | -5,67 % |
Statt Torsk | 1,085 | -13,89 % |
*Svenske kroner |
Publisert: 30.03.2023 17:04
Sist oppdatert: 30.03.2023 18:30