Njål Sævik
NEDTUR: Havila Shipping-sjef Njål Sævik måtte sjå kursen peike ned på børsen. Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Bratt dag for reiarlag

Investorane reagerte negativt på melding om misleghald-tvist.

Marius Rosbach
22.01.2025

Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka

Havila Shipping-aksjen starta onsdagen med eit kraftig fall då handelen starta på Oslo børs. 

Etter kort tid var kursen ned 17 prosent samanlikna med sluttkursen dagen før. 

Etter børsen stengte tysdag melde reiarlaget at långivarar skuldar selskapet for å misleghalde restruktureringsavtalen og dermed låna.

Havila Shipping meiner det ikkje er tilfelle – og opplyste i ei børsmelding at dei om nødvendig ville få avklart dette rettsleg.

Utover dagen henta kursen tilbake litt av det tapte og stod i 1,458 kroner. Så gjekk det ned på nytt. 

Sluttkursen onsdag enda på 1,4 kroner som utgjer eit fall på kring 11,27 prosent i løpet av dagen. 

Det var verst av dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet - der dei fleste fekk ein dag med verdifall. 

Atlantic Sapphire opplevde at kursen svinga kraftig i løpet av onsdagen. 

Selskapet har gjort ein aksjespleis som medfører at 200 aksjar gir éin aksje, og grepet var gjeldande frå onsdag. 

Atlantic Sapphire-aksjen spratt opp og ned utover dagen. Då handelen stengte var kursen ned 3,46 prosent. Etter aksespleisen var sluttkursen 14,50 kroner.  

Hovudindeksen enda dagen flatt - med ein marignal oppgang på 0,09 prosent i løpet av dagen. 

Børstabell for Nordvestlandet:

SelskapKurs i kroner%-endring i dag
Salmon Evolutionkr                   6,58 0,61 %
Sparebanken Mørekr                96,00 0,52 %
Hexagon Compositeskr                42,25 -0,12 %
Endúrkr                69,00 -0,29 %
Hav Groupkr                   6,28 -0,63 %
Golden Energy Offshore Serviceskr                19,60 -1,26 %
Norva 24 Group*25,05 kr  -1,57 %
Hexagon Puruskr                   4,19 -2,10 %
Havila Kystrutenkr                   0,84 -2,89 %
Atlantic Sapphirekr                14,50 -3,46 %
Romsdal Sparebankkr              121,00 -3,82 %
Arctic Biosciencekr                   3,06 -4,38 %
Hofseth Biocarekr                   2,75 -8,33 %
Havila Shippingkr                   1,40 -11,27 %
* Kurs i SEK  
   

Publisert: 22.01.2025 15:47

Sist oppdatert: 23.01.2025 08:20

Mer om