I 2020 inngikk Havila Shipping ein avtale som refinansierte reiarlaget. Ein del av avtalen var at långivarar seinare kunne gjere om gjeld til aksjar.
Første høve til å gjere det var ved årskiftet 2024/2025, men avgjerda om å gjere om gjeld til aksjar kunne og utsettast eitt år.
Deler av gjelda vart gjort om til aksjar og noko vart betalt attende som kontantar ved årsskiftet som nettopp er passert.
Det er dei långivarane som valde å vente med å få gjelda gjort opp som i eit brev til Havila Shipping no skuldar selskapet for å misleghalde restruktureringsavtalen og dermed låna.
Det fortel Havila Shipping i ei børsmelding
Vil ta striden til retten
Det er tre bankar som har sendt brevet, ifølgje børsmeldinga.
Til saman har dei eitt lån på 151,5 millioner kroner som skal betalast attende i kontantar og lån på 616,3 millionar som skal gjerast om til aksjar i Havila Shipping. Dei finansierer og to av Havila Shipping sine fartøy og meiner også at dei har rett til å tiltre pantet.
Då Havila Shipping betalte ut dei andre långivarane vart det delvis finansiert med eit nytt obligasjonslån, på 525 millionar kroner. Det er dette låneopptaket som långivarane bak brevet meiner er i strid med restruktureringsavtalen, ifølgje Havila Shipping.
Administrerande direktør Njål Sævik vil ikkje kommenter innhaldet i brevet frå långivarane, ut over å vise til børsmeldinga. Der står det at: "Selskapet (Havila Shipping, red.merk) menrer at det ikke foreligger noen form for mislighold og bestrider fullt ut de gjenværende långivernes forståelse av restruktureringsavtalen. Om nødvendig vil selskapet få avklart forholdet rettslig".
Kontantar og aksjar
Eigarane av 500 millionar av den renteberande gjelda valde tilbakebetaling i form av kontantar innan årsskiftet som var.
Dei same långivarane eigde og ei ikkje renteberande gjeld på 522 millionar kroner , som blei gjort om til aksjer innan 2024 var omme og gav ein eigarandel på 21,5 prosent.
Havila Holding er største aksjonær i Havila Shipping. Havila Holding er også medeigar i Bakker og Berg Media as, som gir ut Nett No.
Publisert: 21.01.2025 20:04
Sist oppdatert: 22.01.2025 09:29