Børsdagen: Bratt fall for kystruten
Meir enn ein tredel av aksjeverdien vekke i løpet av dagen.
Havila Kystruten-aksjen har falle kraftig i løpet av torsdag ettermiddag. Ved 16-tida var kursen nede i 4,49 kroner – ein nedgang på meir enn 28 prosent.
Etterpå peika pilane vidare nedover - og kursen enda på 4 kroner - 36,51 prosent ned.
Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka
Kursen er ny botnnotering for reiarlaget med hovudkontor i Herøy.
Hovudindeksen ved Oslo børs slutta svakt opp på 1202,00.
Skal ut og låne pengar
Kursfallet til Kystruten kjem dagen etter at selskapet fortalde at dei inviterer investorar til møter i arbeidet med å låne kring 4,7 milliardar kroner.
Målet er å få långivarane til å investere i eit tre-årig obligasjonslån på 390 millionar Euro.
Selskapet sende seint onsdag også ut årsrapporten med revisor sine merknader – og sin første berekraftsrapport.
Revisoren i PWC viser óg til at selskapet er avhengig av refinansiering for å sikre vidare drift, som indikerer ei vesentleg uvisse – men at konklusjonane deira ikkje er endra som følgje av dette.
I årsrapporten skriv leiinga at dei ventar ein vellukka utgang, som gjer at eksisterande gjeld kan bli innløyst – og reiarlaget samtidig kan ta dei to siste skipa Havila Polaris og Havila Pollux i levering.
Etter planen skal det skje i løpet av andre kvartal – med andre ord denne månaden.
Saks blir oppdatert
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Arctic Bioscience | 10,00 | 6,61 % |
Nortel | 32,60 | 5,84 % |
Eqva (tidlegare Havyard Group) | 3,12 | 3,65 % |
Hofseth Biocare | 3,18 | 1,27 % |
Hexagon Purus | 24,35 | 0,62 % |
Hexagon Composites | 27,72 | 0,58 % |
Havila Shipping | 14,30 | 0,56 % |
Endúr | 40,00 | 0,00 % |
Hav Group | 9,50 | 0,00 % |
Norva 24* | 25,75 | 0,00 % |
Golden Energy Offshore Services | 0,94 | -0,21 % |
Sparebanken Møre | 75,50 | -0,26 % |
Statt Torsk | 0,54 | -0,37 % |
Atlantic Sapphire | 5,30 | -0,93 % |
Salmon Evolution | 7,09 | -1,80 % |
Havila Kystruten | 4,00 | -36,51 % |
*Svenske kroner |
Publisert: 01.06.2023 16:05
Sist oppdatert: 01.06.2023 17:20