Oslo børs
FALL: Hovudindeksen på Oslo Børs fall 0,59 prosent i dag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Børslisten krymper

Statt Torsk er historie.

02.02.2024

NETT NO si oversikt over børsnoterte selskap på Nordvestlandet er redusert til 14, etter at torskeoppdrettselskapet Statt Torsk hadde sin siste dag på Oslo Børs i går.

Selskapet blir slått saman med konkurrenten Vesterålen Havbruk, som ikkje er børsnotert, og verksemda på Nordvestlandet skal no styrast frå Nord-Noreg.

Offshorereiarlaget Golden Energy Offshore Services er dagens regionale vinnar på børsen, med ein kursauke på 1,78 prosent. Dagens sluttkurs på 1,48 kroner aksjen er opp 5,25 prosent sidan årsskiftet, men 1,07 prosent under kursen for 12 månadar sidan.

Hexagon Purus kom på andreplass med ein kursauke på 0,64 prosent, til 7,91 kroner aksjen. Det er ein liten opptur etter en traurig start på 2024 for Hexagon Purus-aksjonærane. Kursen er ned 28,99 så langt i år og ned 70,29 prosent sammenlikna med for eitt år siden.

Selskapet lager tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar og var verdsatt til over 80 kroner aksjen like etter børsnotering i desember 2021.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Golden Energy Offshore Services 1,48 1,78 %
Hexagon Purus 7,91 0,64 %
Sparebanken Møre 86,70 0,39 %
Salmon Evolution 7,24 0,28 %
Hav Group 11,00 0,00 %
Atlantic Sapphire 1,72 -0,12 %
Norva 24 Group* 27,80 -0,36 %
Hexagon Composites 24,10 -0,41 %
Eqva (tidl. Havyard Group) 3,23 -0,62 %
Endúr 40,00 -0,99 %
Havila Kystruten 0,71 -1,11 %
Arctic Bioscience 10,10 -1,46 %
Havila Shipping 5,25 -1,87 %
Hofseth Biocare 2,23 -6,30 %
* Kurs i SEK

Publisert: 02.02.2024 16:58

Sist oppdatert: 02.02.2024 16:59