Robert Haugen Hexagon Purus Maritime Morten Holum Hexagon Purus apning langevag foto Ogne 17ffed96558f9fdb66f4e129c9314ecb
PÅ NORDVESTLANDET: Daglig leiar Robert Haugen (t.v.) og styreleiar Morten Holum i Hexagon Purus Maritime markerte opninga av selskapet sitt kontor i Langevåg i februar i år. Hexagon Purus har anlegg i Canada, USA og Tyskland, i tillegg til datterselskapet i Langevåg, som arbeider mot den maritme marknaden. I alt er det investert over ein milliard kroner i å bygge opp produksjonskapasitet for hydrognetankar og -system, og for å sette opp batterianlegg. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Børsvinnar på kvartalstal

Hexagon Purus opp over 33 prosent i dag.

03.05.2024

1. kvartalspresentasjonen til Hexagon Purus-sjef Morten Holum i dag tidleg blei ein stor suksess, om kursutviklinga er målestokken.

I går ettermiddag var kursen 5,01 kroner aksjen, like over selskapet si botnnotering på 4,93 kroner 22. april i år.

Akjekursen gjorde eit hopp straks børshandlen opna og held fram med å stige til klokka 12:56 då den nådde 6,81 kroner aksjen. Sluttkursen i dag blei 6,67 kroner aksjen, som er 33,13 prosent høgare enn i går.

Ingen andre selskap på Oslo Børs hadde større auke i børskursen i dag.

Kursauken kjem rett nok frå eit lågt nivå, men viser uansett at fleire investorar sette pris på dei optimistisk signala og 50 prosent vekst og krympande underskot.

Også største eigar i Hexagon Purus, Hexagon Composites, fekk eit løfta på grunn av kursauken i Hexagon Purus.

I kvartalsrapporten skriv administrerande direktør Morten Holum, at selskapet er svært sikre på at 2024 blir året då Hexagon Purus passerer punktet for at selskapet får driftsoverskot før av- og nedskrivingar (ebtida) på verksemda i hydrogenmarknanden.

Og 2025 blir det første året der Hexagon Purus oppnår det tilsvarande for heile selskapet, heiter det vidare.

Artikkelen er oppdatert, mellom anna med aksjekursar for dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet, etter at børsen stengte for dagen.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Hexagon Purus 6,67 33,13 %
Hexagon Composites 17,92 8,21 %
Atlantic Sapphire 0,99 4,53 %
Hofseth Biocare 2,10 3,45 %
Norva 24 Group* 27,20 2,45 %
Havila Kystruten 0,86 0,58 %
Salmon Evolution 7,31 0,41 %
Golden Energy Offshore Services 1,86 0,27 %
Havila Shipping 6,31 0,00 %
Hav Group 8,98 0,00 %
Arctic Bioscience 10,50 0,00 %
Romsdal Sparebank 109,00 0,00 %
Sparebanken Møre 84,52 -0,56 %
Endúr 47,60 -0,94 %
* Kurs i SEK

Publisert: 03.05.2024 15:58

Sist oppdatert: 03.05.2024 16:54