NTB jj pd W Gkv P8
MØTE: Geir Ove Ystmark, Sjømat Norge (t.v.), Robert Eriksson, administrerande direktør i Sjømatbedriftene og Paul Birger Torgnes, styreleiar i Sjømat Norge på veg inn til møtet fredag. Foto: Javad Parsa / NTB / NPK
Nytt

Børsdagen: Det meste handla om laks

Først gjekk det ned, så rett opp, og deretter ned igjen. Det vart ein turbulent dag for lakseaksjane.

18.11.2022

Det var stor spenning knytt til dagens møte mellom laksenæringa og finansminister Trygve Slagsvold Vedum og fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran. Aksjonærane sende lakseaksjane ned på børsen før møtet, men så kom Finansdepartementet med ei pressemelding om at ein opnar for å opprette eit uavhengig organ for å fastsetje normprisar som grunnlag for grunnrenteskatten.

På denne måten vil ein ta omsyn til at ein laks ikkje berre er ein laks, men at det er skilnader i både kvalitet og størrelse.

Kraftig fall
Lakseaksjane gjekk rett til vêrs, men oppturen vart kortvarig. Deretter kom det ut nytt frå møtet, der dei fem store lakseaktørane først var inviterte, men næringa stilte i staden med bransjeorganisasjonane.

Næringa ville utsetje heile ordninga, men Vedum stod fast på at prinsippet om grunnrenteskatt vart innført frå nyttår, som planlagt. Dermed stupte kursen på lakseaksjane på nytt.

Mowi enda ned 3,45 prosent til 150,35 kroner, medan Salmar gjekk ned 3,72 prosent til 341,86 kroner.

Under eit anna møte fredag der Arbeiderpartiet sin næringspolitiske talsperson Per Vidar Kjølmoen møtte ei gruppe bedrifter i oppdrettsbransjen, Næringsforeningen Ålesundregionen og Molde Næringsforum, fekk han klar melding om dramatikken i framlegget, og der leverandørindustrien på Nordvestlandet allereie i mars vil få nedbemanningar på grunn av manglande oppdrag.

Endúr-fall
Uroa rundt grunnrenteskatten har også prega aksjekursen til Salmon Evolution og Atlantic Sapphire, sjølv om dei driv oppdrett på land, og dermed ikkje er direkte berørt av ordninga. Fredag enda Salmon Evolution-aksjen ned 1,89 prosent til 8,30 kroner, medan Atlantic Sapphire-aksjen enda på 6,965 kroner, ned 2,45 prosent.

Endúr, som blant anna eig Ålesund-selskapet Artec Aqua la fram kvartalstal fredag. Omsetninga passerte 1,8 milliardar kroner, og resultatet før skatt enda på 12,6 millionar, men marknaden likte ikkje tala og sende aksjen ned 3,3 prosent til 33,36 kroner aksjen.

Solstad-tal
Ein aksje som var i vinden fredag var Solstad Offshore-aksjen etter at selskapet la fram kvartalstal som viste auka inntekter, men også større tap knytt til valuta. Sjølv om resultatet før skatt kom på minus 466 millionar kroner, sende aksjonærane først aksjen opp over sju prosent, men enda til slutt opp berre 0,87 prosent.

Elles er det stor spenning knytt til kva som skjer med kriseråka Dof Offshore etter at selskapet ikkje fekk fleirtal for sin redningsplan, og der ei gruppe no truar med å kaste styret.

Oljepris-stup
Hovedindeksen på Oslo Børs enda ned 0,4 prosent fredag til 1.176,51 poeng ettter kraftig oljeprisfall. Ved børsslutt vart eit fat nordsjøolje handla til 86,45 dollar fatet, ned 3,69 prosent.

Bakgrunnen for fallet er blant anna auka koronasmitte, restriksjonar i Kina og utsikter til fleire renteauker i USA.

Av selskapa i nordvest var det Hexagon Composites som gjorde det best fredag, med ein kursauke på 5,05 prosent til 27,48 kroner aksjen.

Børsdagen i nordvest
Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Hexagon Composites 27,48 5,05 %
Norva24 Group* 31,25 4,18 %
Hexagon Purus 22,24 2,96 %
Havila Shipping 13,76 1,18 %
Hofseth Biocare 2,8 0,36 %
Havila Kystruten 18,35 0,00 %
Nortel 21,3 0,00 %
Statt Torsk 2,03 0,00 %
Eqva 3,23 -0,62 %
Hav Group 10,54 -0,94 %
Arctic Bioscience 14,75 -1,01 %
Sparebanken Møre 78,02 -1,37 %
Golden Energy Offshore Services 1,87 -1,58 %
Salmon Evolution 8,3 -1,89 %
Atlantic Sapphire 6,97 -2,45 %
Endúr 33,36 -3,30 %
* I svenske kroner. Selskapet er registrert på Stockholms-børsen

Publisert: 18.11.2022 16:01

Sist oppdatert: 18.11.2022 18:46

Mer om