Artec aqua montasje island ingegjerd eidsvik illustrasjon foto geo salmo marius 11
ISLAND: Ingegjerd Eidsvik leiar Artec Aqua som er det største selskapet i Endúr-konsernet. Dei har mellom anna fått jobben med å teikne og prosjektere eit landbasert anlegg på Island. Illustrasjon/foto: Geo Salmo/Marius Rosbach
Nytt

Auka investeringslyst i utlandet

Forslaget om lakseskatt har sett fart på interessa hos investorar for landsbasert satsing i utlandet, fortel Endúr i siste kvartalsrapport.

18.11.2022

På kort sikt skaper ekstraskatten på oppdrettsnæringa som regjeringa vil innføre større uvisse, men på lengre gir den nye sjansar for fiskeoppdrett på land, skriv Endúr kvartalsrapporten.

Det største selskapet i konsernet er Artec Aqua i Ålesund, som teiknar og prosjekterer landbaserte oppdrettsanlegg, frå smoltanlegg til anlegg der fisken lever heile livet i tankar på land.

Les børsmelding her

Artec Aqua har mellom anna oppdraget med å teikne og prosjektere Salmon Evolution sitt anlegg på Indre Harøy i Romsdal, som i tredje kvartal i år sende sin første laks til slakting. Artec Aqua har i år også fått jobben med å teikne og prosjektere eit landbasert anlegg på Island.

Den auka skatten på oppdrett som regjeringa vil innføre skal ikkje omfatte oppdrett på land.

Innan utgangen av 2024 skal Endúr ha fire milliardar årlege driftsinntekter, ifølgje kvartalsrapporten.

Veksten skal kome både ved vekst hos bedriftene som er ein del av konsernet i dag og ved kjøp av nye verksemder, skriv Endúr i kvartalsreknskapen for 3. kvartal.

I 2021 hadde industrikonsernet 2,1 milliardar kroner i driftsinntekter.

Endur ASA

Pr. 3. kvartal. I mill. kroner20222021
Driftsinntekt1842,21522,5
Driftsresultat76,2-15,2
Resultat før skatt12,6-101,3
Endur ASA
3. kvartal. I mill. kroner20222021
Driftsinntekt592,6567,7
Driftsresultat31,330,0
Resultat før skatt10,8-9,1

Publisert: 18.11.2022 08:35

Sist oppdatert: 18.11.2022 10:04

Mer om