Børsdagen: Fall etter tall
Optimisme i Endúr var ikkje nok for aksjespekulantane.
Sjå børstabell for Nordvestlandet under
Industri- og ingeniørkonsernet Endúr trur på meir enn dobling av driftsinntektene i 2025, samanlikna med i fjoråret.
Det fortalde dei aksjemarknaden torsdag, saman med at få nye oppdrag frå oppdrettsnæringa først og fremst handlar om oppdrag som er utsett.
Samstundes viste tala per 4. kvartal nedgang i inntektene og minusresultat i 2023.
Framtidsoptimismen i selskapet var ikkje nok til å hindre at aksjen fall på børsen - og ligg an til å bli børstaparen blant selskapa på Nordvestlandet.
På føremiddagen bikka kursen under 39 kroner, men styrka seg litt utover ettermiddagen - før den igjen fall.
Sluttkursen på 38,90 kroner er ein nedgang på meir enn sju prosent, og prisar selskapet til 1,4 milliardar.
Endúr er mellom anna morselskapet til Artec Aqua i Ålesund, som teiknar og prosjekterer landbaserte oppdrettsanlegg. Grunnleggarane er også største aksjonær i Endúr med 26,38 prosent av aksjane gjennom selskapet Artec Holding.
Dagens kursfall er ikkje ei forlenging av ein negativ trend for Endúr-aksjen. Aksjekursen har vore stabil rundt 40 kroner sidan slutten av mai 2023.
Selskapet har marin infrastruktur og oppdrettbransjen som sine to store forretningområde. Det er i oppdrettsmarknaden det har lugga, slik at Artec Aqua i dag ikkje er det største datterselskapet målt i driftsinntekt.
Det kan imidertid fort snu, dersom Salmon Evolution gjer som mange ventar og vedtek utbygging av andre byggesteg av selskapet sitt landbaserte oppdrettanslegg. Det skal etter planen avklarast i andre halvår i år.
Ytterlegare løft kan det bli om islandske Geosalmo seinare i år vedtek utbygging av sitt landbaserte anlegg på Island. Samla sett utgjer desse to oppdraga ein ordreinngang på 2,5 milliardar kroner for Artec Aqua, og då er oppdrettsbransjen brått blitt stor igjen Endúr-konsernet.
Børstabell for Nordvestlandet:
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Havila Kystruten | kr 0,86 | 3,87 % |
Golden Energy Offshore Services | kr 1,49 | 1,92 % |
Hexagon Purus | kr 7,21 | 1,84 % |
Sparebanken Møre | kr 86,55 | 0,64 % |
Hexagon Composites | kr 20,60 | 0,59 % |
Hav Group | kr 11,45 | 0,44 % |
Statt Torsk | kr 0,53 | 0,00 % |
Norva 24 Group* | 28,55 kr | 0,00 % |
Hofseth Biocare | kr 2,38 | 0,00 % |
Salmon Evolution | kr 6,53 | -0,15 % |
Havila Shipping | kr 4,63 | -0,22 % |
Atlantic Sapphire | kr 1,44 | -1,23 % |
Arctic Bioscience | kr 10,00 | -2,44 % |
Endúr | kr 38,90 | -7,38 % |
* Kurs i SEK | ||
Publisert: 22.02.2024 14:31
Sist oppdatert: 22.02.2024 18:38