Kjapp boersnotering av Artec Aqua
SELDE: Artec Aqua-gründerane (innfelt) f.v. Bjørnar Flem, Victor Fiveland og Bjørn Finnøy fekk 690 millionar i aksjar og kontantar for selskapet. 
Analyser

Kjapp børsnotering av Artec Aqua

Selde Artec Aqua-eigarane selskapet sitt, eller tok dei over industriselskapet Endúr?

12.01.2021
ANALYSE

Med 28,4 prosent av aksjane er Artec Aqua-grunnleggarane Bjørn Finnøy, Bjørnar Flem og Victor Fiveland sitt selskap Artec Holding i Ålesund, blitt klart største eigar i Endúr.

Aksjeposten i Endúr er verdsett til 345 millionar kroner og aksjane i Endúr utgjer halvparten av betalinga frå Endúr for Artec Aqua-aksjane til Artec Holding.

Dei tre grunnla Artec Aqua i 2002, eit selskap som i 2020 hadde eit nytt toppår med 625 millionar kroner i driftsinntekter.

No er dei gründerane blitt majoritetseigarar i eit børsnotert selskap som reknar med å nå årlege driftsinntekter på mellom to og 2,5 milliardar kroner i år. Vidare mål er eit årleg resultat før av- og nedskrivingar (ebitda) på mellom 10 og 12 prosent.Endúr har nesten ti gangar så mange tilsette som Artec Aqua. Dei kan i tillegg til å teikne og prosjekter anlegg, også bygge og vedlikehalde utstyr og anlegg sjølv.

Selskapet arbeider både i oppdrett-, vindkraft-, olje- og gassbransjen, og med vedlikehald og ombygging av båtar.

Skulle Finnøy, Flem og Fiveland gjort Artec Aqua til eit liknande selskap måtte dei gjennom ein tid- og ressurskrevande prosess, med eit uvisst utfall. Først måtte dei truleg gjennomført ei kapitalutviding - eventuelt i samband med ein tid- og ressurskrevande børsnotering - for å hente pengar for å finansiere oppkjøp og samanslåinga. Deretter måtte dei brukt tid og krefter på å finne oppkjøp- og samanslåingskandidatar - og forhandle fram semje om sal/samanslåingar med dei.

28,4 prosent gir ikkje Finnøy, Flem og Fiveland full kontroll i børsnoterte Endúr, men i og med at ingen av dei andre eigarane eig meir enn ti prosent i selskapet er dei tre i posisjon til å ta ei sentral rolle i korleis Endúr blir drive, om dei vil. Det er store forventningar til vekst i landbaserte oppdrettsanlegg. Mellom anna har Artec Aqua-kunden Salmon Evolution planar om å vekse ut over anlegget som er under bygging ved Bud i Romsdal. Salmon Evolution-oppdraget er så langt det største oppdraget Artec Aqua har hatt. Slår forventningane om at det blir mange fleire slike anlegg framover kan det hende at Artec Aqua uansett måtte ut og henta meir kapital for å ha tyngde til å delta i konkurransen.

Ei eventuell børsnotering av Artec Aqua ville uansett gjort at Finnøy, Flem og Fiveland hadde redusert sin eigarandel. No er heile operasjonen gjennomført på ein - for dei tre - langt enklare måte.

I aksjemarknaden blei kjøpet av Artec Aqua godt mottatt, med ein oppgang i aksjekursen på 3,5 prosent samanlikna med kursen ved børsslutt fredag ettermiddag 8. januar.

På lengre sikt gjenstår det å sjå om Endúr lukkast i å nå sine mål. Å auke driftsinntektene er det minst krevande, det avgjerande er å få opp lønsemda.

Sjølv om deler av selskapet her røter tilbake til 1800-talet er det eit selskap som blei etablert gjennom samanslåinga av då børsnoterte Bergen Group ASA og Endúr Fabricom slo seg saman i 2019.Selskapet hadde 260 millioner kroner i driftsinntekter i årets ni første månader og fekk eit resultat før skatt på minus 21 millionar kroner.

Publisert: 12.01.2021 06:00

Sist oppdatert: 11.01.2023 17:01

Mer om