Hav Group-aksjen fall 14 prosent - til 11,70 kroner aksjen - då børshandelen opna i dag, samanlikna med sluttkurs i går.
Selskapet la fram tal for 4. kvartal og heile 2022 i dag. Kvartalsrapporten viser mellom anna viste minusresultat for 4. kvartal, eit minusresultat som i stor grad skuldast avsetningar på kontraktar inngått i 2018.
Slike overraskingar er ikkje populære hos aksjeinvestorane, spesielt ikkje at det er avtalar fem år tilbake som slår negativt ut.
Kursen tok seg opp igjen mot slutten av dagen, og enda på 12,38 kroner aksjen - ein nedgang på 9,1 prosent sidan i går.
Trass nedturen i aksjemarknaden i dag er likevel 2023 eit godt år for Hav Group-aksjonærane, men ein kursauke på 45,65 prosent sidan årsskiftet.
To selskap på Nordvestlandet, Statt Torsk (minus 12,09 prosent) og Arctic Bioscience (minus 15,38 prosent) fall meir i verdi på børsen enn Hav Group.
I den andre enden av skalaen er Endür, med ein kursauke på 3,14 prosent. Det er høgaste kurs for Endúr sidan november 2021.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Endúr | 42,70 | 3,14 % |
Atlantic Sapphire | 7,08 | 1,36 % |
Havila Shipping | 16,66 | 0,95 % |
Eqva (tidlegare Havyard Group) | 3,83 | 0,13 % |
Nortel | 26,20 | 0,00 % |
Sparebanken Møre | 86,35 | -0,75 % |
Salmon Evolution | 8,05 | -0,98 % |
Hexagon Purus | 27,60 | -1,92 % |
Norva 24* | 30,76 | -2,35 % |
Hofseth Biocare | 3,00 | -2,60 % |
Hexagon Composites | 38,46 | -2,78 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,40 | -3,11 % |
Havila Kystruten | 9,80 | -3,45 % |
Hav Group | 12,38 | -9,10 % |
Statt Torsk | 1,20 | -12,09 % |
Arctic Bioscience | 11,00 | -15,38 % |
Publisert: 10.03.2023 15:47
Sist oppdatert: 30.05.2023 14:41