Gunnar Larsen Hav Group Skjermbilde foto Hav Group
INNTEKTENE NED, ORDRESERVEN OPP: Hav Group-sjef Gunnar Larsen la fram tal per 4. kvartal 2022 i dag.
Nytt

Minus for Hav Group

Tap på prosjekt frå 2018.

10.03.2023

Hav Group gjekk minus 16,6 millionar kroner i resultat før skatt i 4. kvartal 2022. Det er eit oppdrag frå 2018 som dreg ned.

"Fjerde kvartal 2022 ble farget av avsetninger på et prosjekt som ble tildelt i 2018, noe som hadde betydelig negativ innvirkning på resultatet. Totalt sett ser vi en positiv markedsutvikling som har resultert i flere nye kontrakter både i fjerde kvartal og påfølgende måneder", seier konsernsjef Gunnar Larsen i Hav Group i ei børsmelding.

Les børsmeldinga her

Store leveransar gjorde 4. kvartal 2021 til ei godt kvartal for Hav Group. I fjerde kvartal 2022 var driftsinntektene til konsernet 100 millionar kroner lågare (sjå tabell).

For heile 2022 er driftsinntektene ned 32 prosent samanlikna med 2021, men om driftsinntektene gjekk ned har ordrereserven auka.

Ved utgangen av 2022 var ordrereserven 482 millionar kroner mot 382 millionar kroner ved utgangen av 2021. Hittil i år har selskapet inngått nye kontrakten for 200 millionar kroner.

I dag offentlegjorde Hav Group at datterselskapet Norwegian Electric Systems AS (NES) har fått kontrakt på utstyrsleveransar og systemintegrasjonstenester i samband med oppgradering ein 59 meter lang yacht. Yachten og eigaren er ikkje namngitt.

Les børsmelding her

Hav Group blei skilt ut frå dåverande Havyard Group og børsnotert i 2021. Konsernet har fire datterselskap; Hav Design (skipsdesign), Norwegian Electric Systems (skipselektronikk og styringssystem), Norwegian Greentech (løysingar for handtering av ballastvatn) og Hav Hydrogen (løysingar for å ta i bruk hydrogen som energiberar på skip).

Hav Group ASA
Pr. 4. kvartal. I mill. kroner20222021
Driftsinntekt619,7916,7
Driftsresultat3,490,6
Resultat før skatt5,787,7
Hav Group ASA
4. kvartal. I mill. kroner20222021
Driftsinntekt124,3224,5
Driftsresultat-19,423,8
Resultat før skatt-16,621,1

Publisert: 10.03.2023 09:11

Sist oppdatert: 10.03.2023 09:12