Børsdagen: Fekk 247 millionar etter brann
Atlantic Sapphire vil truleg konsentrere satsinga om USA. Kongsberg fekk juling.
I dag vart det klart at lakseoppdrettaren Atlantic Sapphire får utbetalt 180 millionar danske kroner i forsikringsoppgjer etter brannen ved anlegget i Hvide Sande i Danmark 15. september 2021.
Selskapet opplyser i ei børsmelding at ein står fritt til å bruke pengane der ein vil, og at midlane vil verte brukt til drifta og å bygge ut anlegget i Miami, USA.
Stor tru på USA
I mellomtida vil selskapet gjennomgå strategien for den danske satsinga.
Samstundes vert det vist til at USA i dag importerer 98 prosent av konsumet av atlantisk laks, og at det vil bli stort fokus på eigenprodusert amerikansk laks i åra framover.
Atlantic Sapphire har falle kraftig på børsen siste året, over 70 prosent på årsbasis. Også i dag fall aksjekursen nye 4,8 prosent, og slutta på 21,80 kroner.
Stort Kongsberg-fall
Kongsberg Gruppen var den store taparen tysdag etter talslepp.
Kongsberg Maritime melde om nesten seks milliardar kroner i auka ordreinngang i første kvartal samanlikna med same kvartal i fjor, men marknaden likte ikkje tala for heile konsernet og sende aksjekursen ned heile18,9 prosent til 321,80 kroner.
Pareto nedgraderte aksjen, ein aksje som trass alt har stige med nær 40 prosent i år, og nesten 90 prosent det siste året.
Også Hexagon Purus kom med kvartalstal. Heller ikkje desse tala likte marknaden, sjølv om omsetninga auka kraftig. Aksjekursen vart send ned 6,7 prosent.
Solstad-hopp
Børsvinnaren vart offshoreselskapet Solstad Offshore etter å ha lagt fram sterke kvartalstal måndag kveld, med ei ordrebok på sju milliardar kroner.
Aksjen gjekk opp 24,9 prosent 22,50 kroner.
Både Havila Shipping og Golden Energy Offshore Services fekk seg derimot ein dett etter fleire dagar med kursauke. Havila Shipping fall 3,0 prosent, og Golden Energy med 7,3 prosent.
Også Atlantic Bioscience hadde ein dårleg dag av selskapa med base på Nordvestlandet, og fall med 4,1 prosent.
Derimot hadde Salmon Evolution ein bra dag, og steig 2,7 prosent til 7,96 kroner aksjen.
Etter å ha vore ned det meste av dagen snudde hovedindeksen på Oslo Børs opp på slutten av børsdagen i takt med positive børsutsikter i USA, og enda opp 0,1 prosent til 1.178,51 poeng.
Oljeprisen var lenge ned, men låg ved børsslutt på rundt 105 dollar for eit fat nordsjøolje, det same som måndag.
Publisert: 10.05.2022 16:04
Sist oppdatert: 10.05.2022 18:41