Statt torsk rekvika foto statt torsk 111
REKVIKA: Statt Torsk har fått kjøpar til 30 prosent av torsken som vert slakteklar det komande året. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Børsdagen: Fekk opptur på torskeavtale

Kiloprisen var lavare enn kva selskapet har håpa på, men aksjonærane såg ut til å like avtalen.

22.07.2022

Torskeoppdrettaren Statt Torsk har vore i vinden i det siste. Fredag kunne selskapet melde om at ein hadde fått kjøpar til 1.600 tonn torsk frå Vanylvsfjorden.

Verdien på kontrakten var på rundt 70 millionar kroner. Det betyr i praksis at kiloprisen er 43,75 kroner.

Positiv sjømatanalyse
Ein slik kilopris er lavare enn kva torskeoppdrettarane har håpa på, men sikrar i alle fall at Statt Torsk har fått avsetnad på rundt 30 prosent av produksjonen frå september i år og eitt år framover.

Aksjemarknaden såg uansett ut til å like avtalen, og sende aksjekursen opp 4,26 prosent til 2,45 kroner aksjen.

Fredag kom også ABG-analytiker Martin Kaland med sjømatanalyse, der han ser betydeleg oppside. Ifølgje Hegnar.no jekkar han opp fleire sjømatsaelskap, utan at det førde til store utslag for Atlantic Sapphire eller Salmon Evolution.

Bra børsveke
Mest av dei regionale selskapa steig Havila Shipping. Også Hexagon Purus steig, eit selskap som har hatt ei bra børsveke.

Oslo Børs steig fredag med 1,6 prosent til 1.204,00 poeng, og tre prosent opp på vekesbasis.

Eitt fat Nordsjøolje stod ved stengetid av børsen i 104,63 dollar fatet, opp 0,7 prosent frå torsdag.

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Havila Shipping 14,38 7,47 %
Hexagon Purus 27,46 5,62 %
Statt Torsk 2,45 4,26 %
Hexagon Composites 30,16 1,34 %
Golden Energy Offshore Services 1,63 1,06 %
Salmon Evolution 8,92 0,68 %
Endúr 23,8 0,61 %
Atlantic Sapphire 19 0,58 %
Havila Kystruten 19,55 0,55 %
Norva24 Group* 35,73 0,39 %
Nortel 18,6 -0,53 %
Hav Group 13,74 -0,87 %
Sparebanken Møre 72,5 -0,97 %
Hofseth Biocare 3,65 -1,08 %
Havyard Group 4,28 -2,73 %
Arctic Bioscience 14,05 -6,02 %
* I svenske kroner. Selskapet er registrert på Stockholms-børsen

Publisert: 22.07.2022 16:29

Sist oppdatert: 22.07.2022 16:57

Mer om