Njål sævik innfelt per ivar fagervoll foto kjetil golden energy 11
BØRSVINNARAR: Havila Shipping-direktør Njål Sævik og Golden Energy Offshore Services-sjef Per Ivar Fagervoll kan glede seg over kraftig hopp på børsen. Foto: Kjetil Haanes og Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Steig vidare på knallraud børs

På ein blytung børsdag, var det god gass i offshore.

09.05.2022

Tidlegare kriseråka offshoreselskap har hatt ein skikkeleg renessanse på børsen siste månadene.

Måndag var Havila Shipping og Golden Energy Offshore av få selskap med grøne tal.

Totalt har Havila Shipping auka verdien med 50 prosent siste tre månadene, og med 125 prosent på årsbasis.

Golden Energy Offshore Services har hatt ein verdiauke på heile 72 prosent siste tre månadene.

Gode utsikter
Måndag steig Havila Shipping med nye 6,1 prosent, og Golden Energy Offshore Services med 4,1 prosent. Midt på dagen var dei to selskapa dagens børsvinnarar med ein oppgang på 13 prosent.

Fleire andre offshoreselskap har det siste vekene stige kraftig i takt med aukande oljepris, høgare rater og utsikter til svært gode rater til sommaren.

Spotratene for PSV-ar er no dei høgaste på tre år, og skipsmeklarar i både Seabrokers og Westshore spår millionrater til sommaren.

Kontraktsnytt
Fleire selskap med base på Nordvestlandet presenterte nytt måndag. Hav Group-dottera Hav Design opplyste at selskapet var tildelt kontrakt på levering av design og utstyr til eit nytt SOV-skip til Esvagt. Aksjen fall 0,5 prosent.

Nortel opplyste at selskapet hadde ved oppkjøpet av Atea Mobil fått 1300 flere nye brukarar enn det som var meldt ved avtaleinngåinga. Aksjekursen fall likevel 1,2 prosent.

Hexagon Purus-dottera Hexagon Purus Maritime opplyste at selskapet hadde fått avtale verd 11 millionar kroner på levering av hydrogenbehaladrar til fartøy som skal trafikkere dei europeiske vassvegane. Dette er første maritime kontrakta til selskapet, men aksjekursen fall likevel med heile 10,7 prosent.

Store fall
Fleire andre selskap hadde store kursfall. Atlantic Sapphire fall 8,1 prosent, Hexagon Composites 7,3 prosent og Salmon Evolution 4,7 prosent.

Derimot hadde Havila Kystruten ein god børsdag. Aksjekursen gjekk opp 5,7 prosent til 21,10 kroner aksjen.

Tungvektaren Equinor fall heile 4,4 prosent, medan eitt fat Nordsjøolje ved børsslutt vart handla til 10så8,37 dollar, ein nedgang på 3,7 prosent.

Oslo Børs fall heile 3,0 prosent måndag. Hovedindeksen enda på 1.177,41 poeng etter at børsane i USA og starta ned.

Publisert: 09.05.2022 13:44

Sist oppdatert: 09.05.2022 16:49

Mer om