Børsdagen: Gambling-objekt i obligasjonsmarknaden
Convene Holding-konsernet har mista mykje tillit blant långivarane.
Dei to børsnoterte obligasjonslåna Convene Holding har tatt opp blir tysdag handla til høvesvis og 88 prosent og 65,25 prosent av pålydande.
Lånet på ein milliard kroner har førsteprioritet og er lånet som har falle minst i verdi. Lånet på 350 millionar kroner har andre prioritet, som betyr at långivarane av milliarden først skal få att sine pengar før det blir långivarane i det minste lånet sin tur.
Måndag forfall det største lånet til betaling, utan at selskapet kunne betale.
Convene Holding er morselskapet i Convene-konsernet. Selskapet som tener pengane er tidlegare Melin Medical - no Convene - med sine betalingsautomatar og betalingsløysingar for legekontor.
Børsnoterte obligasjonslån betyr at obligasjonane - verdipapiret som viser at dei er långiver (dvs. eigar av lånet) kan kjøpast og selgast.
Når kursen fell betyr det at investorane tvilar på at låntakaren, i dette tilfellet Convene Holding) ikkje klarer å betale attende heile lånet. Dess lenger ned i verdi obligasjonen fell, dess større er tvilen.
Om selskapet likevel til slutt skulle klare å betale attende dei to obligasjonslåna som avtalt vil dei som i dag kjøper seg inn i låna innkassere ein solid gevinst.
Om selskapet og obligasjonslångivarane mislukkast i å finne ei løysing og alt blir sett på spissen kan det ende med at obligasjonslångivarane til slutt endar med å bli eigarar eller medeigare i Convene-konsernet.
Børstabell for Nordvestlandet:
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Eqva (tidlegare Havyard Group) | 3,15 | 6,25 % |
Nortel | 20,20 | 3,06 % |
Hav Group | 11,36 | 2,90 % |
Norva 24* | 33,86 | 2,60 % |
Sparebanken Møre | 77,78 | 2,21 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,64 | 2,19 % |
Hexagon Purus | 25,00 | 1,05 % |
Hexagon Composites | 28,40 | 0,64 % |
Endúr | 34,20 | 0,60 % |
Havila Shipping | 11,50 | 0,17 % |
Havila Kystruten | 19,95 | -0,25 % |
Atlantic Sapphire | 6,985 | -1,69 % |
Hofseth Biocare | 2,79 | -1,76 % |
Salmon Evolution | 8,12 | -1,81 % |
Arctic Bioscience | 14,00 | -2,34 % |
Statt Torsk | 2,01 | -2,90 % |
*Svenske kroner |
Publisert: 29.11.2022 16:55
Sist oppdatert: 29.11.2022 22:24