Sandane-selskap i trøbbel
Kan ikkje betale attende milliardgjeld.
Ideen om å automatisere betaling på legekontora gjorde tidlegare
Melin Medical - no Convene - til ei blomstrande forretning. No slit
konsernet med milliardgjeld.
Convene Holding hadde inntil 5. august i år forretningsadresse på Sandane i Gloppen kommune, før den blei flytta til Oslo.
Selskapet, som tidlegare heitte Hi Bidco, eig Convene Group som i sin tur eig Convene - tidlegare Melin Medical. Convene tilbyr betalingsautomatar og innkreving av utbetalte rekningar for legekontor landet rundt.
Melin Medical blei starta av danske Jesper Melin Ganc-Petersen, som ei periode arbeidde som fastlege i Gloppen. Han er største eigar i Convene Invest, som eig Convene Holding.
Les om etableringa av Melin Medical i NETT NO-magasinet 2014. Artikkelen står på side 58-60
Milliardgjeld
Convene Holding har to obligasjonslån, eitt på ein milliard kroner og eitt på 350 millionar kroner.
Tidlegare i haust har selskapet fått utsett frist med å betale attende det største lånet, men no har selskapet ikkje fått obligasjonslågivarane med ytterlegare utsetjingar.
Convene Holding er ikkje i posisjon til betale attende eller til betale renter som er opparbeidd sidan 30. oktober, skriv selskapet i ei børsmelding. Dermed oppfyller ikkje selskapet lånevilkåra.
Convene Holding prøver å få til ein konstruktiv dialog med kreditorane. At selskapet ikkje oppfyller lånevilkåra får ingen umiddelbar verknad på datterselskapa, skriv selskapet i børsmeldinga.
Pant i driftselskap
I følgje låneavtalen har obligasjonslångivarane pant nedover i systemet, slik at pantet også omfattar Convene, ifølgje Nordic Trustee, som forvaltar obligasjonslångivarane sine interesser.
Det største lånet hadde forfall i oktober. Långivarane gjekk tidlegare i haust med på å utsette attendebetalinga til 28. november, men den fristen greidde selskapet ikkje å halde.
Convene Holding as (konsern) | ||
(tidlegare Hi Bidco as) I mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 380,9 | 424,0 |
Driftsresultat | 29,1 | 52,9 |
Resultat før skatt | -86,9 | -71,1 |
Convene as (tidlegare Melin Medical) | ||
I mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 200,6 | 205,7 |
Driftsresultat | 69,5 | 74,8 |
Resultat før skatt | 62,0 | 65,4 |
Publisert: 29.11.2022 15:32
Sist oppdatert: 29.11.2022 22:25