Lån på tre millionar kroner er gjort om til aksjar til ein kurs på 2,27 kroner aksjen, i følgje ei børsmelding.
Då børsen stengte i ettermiddar var kursen 3,28 kroner aksjen, ein gevinst på 44 prosent på kort tid.
13. januar i år melde Arctic Bioscience at selskapet hadde fått på plass ei refinansiering som mellom omfatta eit konvertibelt lån på 15 millionar kroner. At lånet er konvertibelt betyr at långivarane kan gjere og lånet til aksjar i selskapet, og det er det långivarane no har gjort.
Långivarane få 1,3 millionar nye aksjar, som vil utgjere nesten fem prosent eigarandel i selskapet.
Dagens børsmelding fortel ikkje kven av långivarane som har gjort om gjeld til aksjar, men då refinansieringa vart offentlegjort tidlegare i januar vart det opplyst at fleire av dei store aksjonærane - mellom dei mange på Nordvestlandet - var långivarar.
Artikkelen er oppdatert, mellom anna med aksjekursar til børsnoterte selskap på Nordvestlandet, etter at børsen stengte i ettermiddag.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Hexagon Purus | 3,06 | 5,53 % |
Havila Kystruten | 0,89 | 5,45 % |
Atlantic Sapphire | 13,21 | 3,67 % |
Hav Group | 6,20 | 1,97 % |
Endúr | 71,30 | 1,86 % |
Golden Energy Offshore Services | 18,70 | 1,63 % |
Salmon Evolution | 7,02 | 1,45 % |
Romsdal Sparebank | 123,50 | 0,82 % |
Norva 24 Group* | 24,85 | 0,40 % |
Hofseth Biocare | 3,15 | 0,32 % |
Sparebanken Møre | 97,50 | 0,31 % |
Havila Shipping | 1,50 | -1,71 % |
Hexagon Composites | 37,95 | -1,94 % |
Arctic Bioscience | 3,28 | -3,53 % |
* Kurs i SEK |
Publisert: 30.01.2025 16:16
Sist oppdatert: 30.01.2025 17:02