Christer Valderhaug Arctic Bioscience foto Ogne
GIR LÅN: Dagleg leiar Christer Valderhaug i Arctic Bioscience låner 100.000 kroner til selskapet, som ein av fleire investorar som er långivarar. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Aksjonærlån løfta kursen

Arctic Bioscience opp over 40 prosent i løpet av dagen.

14.01.2025

Meldinga om at Arctic Bioscience har sikra seg eit lån på 30 millionar kroner gjorde aksjen til ein av vinnarane på Oslo Børs tysdag. 

Ved 11-tida var kursen 3,26 kroner aksjen, som er opp 42, 98 prosent samanlikna med då børsen stengte måndag. 

Då børsen stengte tysdag var kursen 2,98 kroner aksjen, som er opp 30,7 prosent sidan i går.

Meldinga vart sendt ut etter at børshandelen var over måndag, slik at aksjeinvestorar først i dag kunne reagere på meldinga.

Det er Innovasjon Norge og eksisterande eigarar som gir lån, med 15 millionar kroner frå kvar.

Dette er oversikta over investorar i såkalla innsideposisjoen, som er långivarar:

Følgande primærinnsidarar, eller selskap nært tilknytta primærinnsidarar, er blant långivarane:

· Ronja Capital Investment AS, eit selskap nært tilknytta styremedlem Tore Tønseth, NOK 3,0 million kroner.
· Vartdal Holding AS, eit selskap nært tilknytta styremedlem Jan Endre Vartdal, NOK 1,0 million.
· Brødrene Vartdal AS, eit selskap nært tilknytta styremedlem Jan Endre
Vartdal, NOK 1,0 million.
· Ajea Invest AS, eit selskap nært tilknytta styremedlem Asbjørn Solevågseide, NOK 0,5 million.
· Eros AS, ei t selskap nært tilknyttet styremedlem Per Magne Eggesbø, NOK 0,6 million.
· Siglar AS, eit selskap nært tilknytta styreleiar Harald Nordal, NOK 0,15
million.
· Clu Invest AS, eit selskap nært tilknytta CEO Christer L. Valderhaug, NOK
0,1 million.
· Runhild Gammelsæter, Medical Director, NOK 0,05 million.

Arctic Bioscience-kursen kollapsa i fjor haust etter at dei ikkje fekk resultata dei håpte på i ein studie av ein legemiddelkandidat. Selskapet utviklar eit middel dei vil få godkjent som legemiddel mot hudsjukdomen psoriasis.

Kursen fall då frå 13 til 2,90 kroner aksjen.

Aksjonærane og selskapet kryssar no fingrane for at studien viser meir eintydige resultat når undersøkinga er ferdig ved utgangen av første kvartal.

Artikkelen er oppdatert, mellom anna med aksjekursar for børsnoterte selskap på Nordvestlandet, etter at børsen stengte.

Børsdagen  
   
SelskapKurs i kroner%-Endring i dag
   
Arctic Bioscience2,98 30,70 %
Norva 24 Group*25,701,38 %
Atlantic Sapphire0,08 1,12 %
Salmon Evolution6,51 1,09 %
Endúr64,10 0,79 %
Havila Kystruten0,86 0,71 %
Hav Group6,40 0,00 %
Sparebanken Møre93,72 -0,30 %
Romsdal Sparebank124,98 -0,35 %
Hexagon Composites40,85 -0,49 %
Golden Energy Offshore Services20,00 -0,50 %
Havila Shipping1,63 -0,73 %
Hexagon Purus4,30 -1,04 %
Hofseth Biocare1,99 -2,93 %
* Kurs i SEK  

Publisert: 14.01.2025 11:26

Sist oppdatert: 14.01.2025 21:26

Mer om