Nye tider i familiebedrifta Flakk 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
ÅLESUND: God børsdag for Knut Flakk og døtrene Maria Lilly Flakk og Erika June Flakk (på videolink). Foto: Marius Rosbach
Nytt

Børsdagen: Opptur for Flakk-familien

Andre handledagen etter påske vart ein god børsdag for Flakk-familien.

20.04.2022

Hexagon Composites-aksjen vart av vinnarane, med ein oppgang på 5,0 prosent til 36,70 kroner aksjen. Dette prisar heile selskapet til 7,4 milliardar kroner, som er høgste verdiprising sidan 1. desember i fjor.

I tillegg steig Hexagon Purus-aksjen 0,3 prosent til 38,52 kroner aksjen etter at selskapet onsdag melde om ein kontrakt på levering av hydrogentankar og -system for 14 millionar kroner til eit internasjonalt selskap som skal forsyne industri- og transportkundar i Nederland med hydrogen.

Det er Hexagon Purus sitt tyske datterselskap Wystrach GmbH som har inngått avtalen, ifølgje ei børsmelding.

Avtalen er ei ekstra bestilling på toppen av ein avtale på 58 millionar kroner, offentleggjort tidlegare i år.

Hexagon Purus vert no prisa til 9,95 milliardar kroner.

Store aksjonærar
Flakk-familien eig 12,52 prosent av Hexagon Composites gjennom selskapa Flakk Composites og Nødingen. Her eig Knut Flakk 20 prosent og døtrene Maria Lilly Flakk og Erika June Flakk 40 prosent kvar.

I tillegg eig Knut Flakk 2,48 prosent av selskapet gjennom KTF Finans.

Hexagon Composites sit med 73,2 prosent av aksjane i Hexagon Purus. I tillegg er Flakk-familien direkte inne blant dei ti på topp med 1,17 prosent gjennom Flakk Composites.

Pluss for Kystruten og Bioscience
Også Havila Kystruten-aksjen steig onsdag, utan at det var noko nytt å melde om Havila Capella som ligg i sanksjonsopplag i Bergen.

Aksjen steig 2,2 prosent til 18,10 kroner.

Størst oppgang av selskapa i nordvest hadde Arctic Bioscience-aksjen, som steig 5,4 prosent til 17,50 kroner.

Nortel-aksjen steig 2,1 prosent til 18,70 kroner, Hav Group steig 1,8 prosent, medan det var ein svak børsdag for dei regionale oppdrettsselskapa.

Atlantic Sapphire-aksjen fall 4,0 prosent til 32,04 kroner, medan Salmon Evolution-aksjen enda på 8,73 kroner, ein nedgang på 2,5 prosent.

110 kroner kiloen
Nedgangen kjem sjølv om lakseprisane er rekordhøge.

– Dette er eit farvatn vil aldri har vore i før. 110 kroner kiloen er historisk høge prisar, og fantastisk for dei som får ta del i det, seier Tor Hjalte, driftsdirektør for Norwell, til NRK.

Lakseeksportøren ser ingen teikn til at prisane kjem til å gå ned med det aller første.

– Prisbiletet vil nok vere høgt. Om ikkje så høgt som i dag, så vil prisen halde seg høg til over sommaren, seier Hjalte.

Hovedindeksen steig vel 0,1 prosent onsdag, til 1.280,83 poeng. Ved børsslutt vart eit fat nordsjøolje omsett for 107,07 dollar, ned 0,2 prosent frå dagen før.

Publisert: 20.04.2022 16:10

Sist oppdatert: 21.04.2022 13:06

Mer om