Statt rekvika
TORSK: Statt Torsk får doble produksjonen i Vanylvsfjorden, noko aksjonærane set pris på. Foto: Statt Torsk
Nytt

Børsdagen: God fart i torskeaksje

Statt Torsk klatrar vidare på børsen.

20.07.2022

Tysdag steig Statt Torsk-aksjen 5,56 prosent på børsen. Onsdag steig aksjekursen med ytterlegare 11,96 prosent, til 2,34 kroner aksjen. Dermed er heile selskapet prisa til 437 millionar kroner.

Det var også bra handel i aksjen onsdag. Totalt vart det handla aksjar for over 600.000 kroner.

Den siste utviklinga i aksjekursen kjem etter at selskapet før helga annonserte at dei hadde fått løyve til å doble produksjonen ved anlegget I Rekvika i Vanylvsfjorden.

Har nok kapital
Måndag melde selskapet at ein hadde skaffa seg ein lånefasilitet på 35 millionar kroner for å realisere vekstplanane.

I tillegg til ein retta emisjon i juni har selskapet dermed 76 millionar kroner, og meiner å vere fullfinansiert fram til 2024 med å produsere torsk i Rekvika og Stokkeneset. Målet er å kunne levere torsk kvar veke frå september i år.

Trass auken siste dagane er aksjekursen ned over seks prosent siste tre månader.

Hav Group hadde også ein bra børsdag, medan Havila Kystruten var taparen av selskapa i nordvest.

Hovedindeksen steig 0,8 prosent og slutta på 1.206,45 poeng. Ved børsslutt blei eit fat nordsjøolje omsett for 105,66 dollar, ned 1,6 prosent.

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Statt Torsk 2,34 11,96 %
Hav Group 13,9 4,51 %
Atlantic Sapphire 19,52 3,23 %
Golden Energy Offshore Services 1,47 2,45 %
Hexagon Composites 28,7 1,20 %
Havila Shipping 13,68 0,59 %
Norva24 Group* 35,14 0,34 %
Havyard Group 4,01 0,12 %
Salmon Evolution 8,99 0,11 %
Nortel 18,7 0,00 %
Arctic Bioscience 15,5 0,00 %
Hofseth Biocare 3,7 0,00 %
Hexagon Purus 25,8 -0,39 %
Endúr 23,5 -1,18 %
Sparebanken Møre 73 -1,34 %
Havila Kystruten 18,7 -5,32 %
* I svenske kroner. Selskapet er registrert på Stockholms-børsen

Publisert: 20.07.2022 16:34

Sist oppdatert: 20.07.2022 16:55

Mer om