Aerial Photo Atlantic Sapphire Bluehouse Miami USA
MIAMI: Frå Atlantic Sapphire sitt anlegg i Miami, som er under utbygging. Foto: Atlantic Sapphire
Nytt

Børsdagen: Grusar kursmålet - kursen opp

Steig etter grusing av kursmålet. To selskap med tal.

24.05.2022

I ei fersk analyse frå Sparebank 1 Markets vert kursmålet på Atlantic Sapphire-aksjen kutta frå 140 kroner til 37 kroner, opplyser TDN Direkt.

Trass kursslakten, gjentek meklarhuset ei kjøpstilråding på aksjen.

Aksjekursen steig tysdag 4,0 prosent til 23,26 kroner. Det prisar heile selskapet til 2,2 milliardar kroner.

Slakting til hausten
Salmon Evolution presenterte kvartalstal tysdag. Samstundes opplyste selskapet at fisken veks som planlagt. Første smolten vart sett ut 26. mars, og fram til 21. mai har smolten vakse frå gjennomsnittleg 300 gram til 725 gram.

Neste utsett blir no i 2. andre kvartal.

I 4. kvartal i år skal laksen frå første utsett ha nådd slaktevekt og Salmon Evolution skal levere sin første laks ut i marknaden.

Aksjen steig 0,8 prosent til 8,77 kroner.

Auka omsetninga
Også Smartcraft presenterte kvartalstal. Selskapet omsette for 278,9 millionar i første kvartal, ein auke på 36 prosent frå same kvartal i fjor.

Driftsresultatet enda på 31,9 millionar kroner, opp frå 24,3 millionar i fjor.

Marknaden reagerte med å sende kursen ned 1,6 prosent.

Ny kansellering
Fleire offshoreselskap hadde ein dårleg dag. Havila Shipping-aksjen fall 11,3 prosent, medan Golden Energy Offshore Services fall 6,25 prosent.

Havila Kystruten fall vel ein prosent, men etter børsslutt melde selskapet at også neste rundtur med Havila Capella vert kansellert ettersom det ikkje er funne løysing for forsikring av skipet.

Oslo Børs enda ned 0,23 prosent tysdag.

Ved børsslutt vart eit fat nordsjøolje omsett til 113,68 dollar fatet, så vidt opp frå måndag.

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Atlantic Sapphire 23,26 4,03 %
Statt Torsk 2,27 3,18 %
Hav Group 14,9 2,48 %
Sparebanken Møre 80,49 2,42 %
Hexagon Composites 35,84 1,13 %
Salmon Evolution 8,73 0,34 %
Hofseth Biocare 3,89 0,00 %
Hexagon Purus 35,22 -0,73 %
Havila Kystruten 18,45 -1,07 %
Smartcraft 15,24 -1,68 %
Havyard Group 8,78 -2,44 %
Arctic Bioscience 15,5 -3,13 %
Endúr 0,55 -4,03 %
Nortel 17,4 -5,43 %
Golden Energy Offshore Services 1,95 -6,25 %
Havila Shipping 8,4 -11,39 %

Publisert: 24.05.2022 16:50

Sist oppdatert: 24.05.2022 17:10

Mer om