Christer valderhaug arctic bioscience 11
VIL BYGGE FABRIKKK: Arctic Bioscience og administrerande direktør Christer Valderhaug har planar om å bygge fabrikk i Ørsta, men byggestarten vart utsett i fjor. Illustrasjon: Arctic Bioscience
Nytt

Kraftig vekst i inntektene

Auke i salet – og kostnader - for Arctic Bioscience. Det ga større underskot.

Marius Rosbach
09.02.2023

Inntektene til Arctic Bioscience held fram å auke gjennom 4. kvartal 2022. Det viser talla som selskapet gjorde offentleg i ei børsmelding tidleg torsdag (sjå tabell under).

Selskapet har planar om å bygge fabrikk i Ørsta, men byggestarten vart utsett i fjor. Det kom ingen nye opplysningar om ny byggestart i oppdateringa torsdag.

Vekst og betre lønnsemd på kosttilskot
Bioteknologiselskapet opplyser at stort ordreinntak på kosttilskot i 2022 ga store leveransar. I 4. kvartal leverte selskapet mellom anna kosttilskot til den japanske marknaden for første gong.

Segmentet for kosttilskot leverte i tråd med planen med solid vekst i inntekter og betre lønnsemd. Selskapet skriv at sterkt fokus på bruttomarginar, har kompensert for auka kostnader på innsatsfaktorar.

Brukte meir pengar på forsking
Sokalla kapitaliserte utgifter auka gjennom kvartalet, samanlikna med tidlegare i 2022, til 58,6 millionar. Dette knytt seg i all hovudsak til det farmasøytiske utviklingsprogrammet.

Arctic Bioscience kom nyleg i gong med ein større studie med første pasient i Storbritannia, i arbeidet med å utvikle eit legemiddel mot psoriasis. Til saman 519 pasientar i fem land skal vere med og dei første resultata er venta i løpet av seks månader.

Selskapet jobbar samtidig med å utvikle eit legemiddel for utviklinga av hjernen hos premature barn.

Arctic Bioscience as
Per 4. kvartal. i mill. kroner
2022
2021
Driftsinntekt
34,3
21,5
Driftsresultat før av- og nedskriving
-33,7
-38,1



Arctic Bioscience as


4. kvartal. i mill. kroner
2022
2021
Driftsinntekt
10,6
4,8
Driftsresultat før av- og nedskriving
-11,4
-7,4

Publisert: 09.02.2023 07:54

Sist oppdatert: 09.02.2023 08:58

Mer om