69d94b1d e96c 4778 a9db 40ac7ca2073c clipboard image
MANGE ER MED: Over 800 teikningar halvveg i emisjonsperioden. Det er status for bølgekraft-selskapet Havkraft. Biletet viser testing av anlegg montert på båt. Foto: Havkraft
Nytt

Børsdagen: Har fått over 800 eigarar

Bølgekraft-selskapet Havkraft i Deknepollen ved Måløy har i alle fall rikeleg med ein ting. Eigarar.

19.10.2022

Nordfjordhallen ved Måløy har plass til opptil 900 personar. Om alle som har teikna seg i kapitalutvidinga i bølgekraft-selskapet Havkraft skulle finne på å delta på generalforsamling i selskapet er det akkurat nok ståplassar i hallen.

Klokka 16:12 i dag, onsdag 19. oktober hadde Havkraft registrert 857 teikningar i kapitalutvidinga si.

Hittil har investorane teikna seg for 13,2 millionar kroner. Selskapet er 87 prosent på veg mot målet om hente inn 15 millionar kroner og det er framleis sju dagar att av teikningperioden.

Minstebeløpet du kan investere om du vil vere med på kapitalutvidinga er 2560 kroner, som gir deg 20 aksjar i selskapet. Terskelen er sett så lågt at mange har latt seg friste, noko som ikkje er uvanleg når selskap hentar pengar gjennom Folkeinvest.

Til samanlikning fekk Inseanergy omlag 600 aksjonærar då selskapet henta inn 30 millionar kroner i ny eigenkapital gjennom Folkeinvest tidlegare i år.

Atlantic Sapphire-opptur
Havkraft hadde 10 millionar kroner som minstemål i kapitalutvidinga. 15 millionar er neste mål, og om interessa er større har selskapet sikra seg rett til å utvide kapitalutviding opp til 25 millionar kroner innanfor den pågåande emisjonen.

På ein børsdag der hovudindeksen fall 0,19 prosent, vart Atlantic Sapphire ein av børsvinnarane etter to dagar med store kursfall.

Etter at selskapet måndag melde om laksedød ved anlegget i Miami, og kutta inntektsforventningane for andre halvår, stupte aksjen 46 prosent måndag, og ytterlegare 33 prosent tysdag. I dag snudde trenden, og aksjen steig 10 prosent til 5,15 kroner. Heile selskapet er dermed prisa til 789 millionar kroner.

Børsdagen

Selskap

Kurs i kroner

%-Endring i dag

Atlantic Sapphire

5,15

10,04 %

Golden Energy Offshore Services

1,73

7,79 %

Havyard Group

3,40

2,10 %

Arctic Bioscience

14,00

1,45 %

Sparebanken Møre

72,25

0,94 %

Hexagon Purus

20,04

0,30 %

Hav Group

9,76

-0,10 %

Hofseth Biocare

3,39

-0,29 %

Norva 24*

32,46

-0,32 %

Statt Torsk

2,13

-0,94 %

Salmon Evolution

8,45

-1,05 %

Havila Kystruten

18,00

-1,10 %

Havila Shipping

10,86

-1,81 %

Endúr

27,78

-1,84 %

Hexagon Composites

22,80

-3,55 %

Nortel

17,60

-9,28 %

*Svenske kroner

Publisert: 19.10.2022 16:44

Sist oppdatert: 19.10.2022 17:59

Mer om