Roger Hofseth 2020 foto Ogne
STØRST: Roger Hofseth-selskapet Ocean Solar eig 14,5 prosent i Inseanergy. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Rundt 600 aksjonærar i Inseanergy

Roger Hofseth største eigar i solenergiselskapet etter kapitalutviding.

04.02.2022

Etter at Inseanergy lukkast med å hente inn 30 millionar kroner i ny eigenkapital er Roger Hofseth sitt selskap Ocean Solar største eigar, med 14,5 prosent av aksjane.

Hofseth er storaksjonær og primus motor i lakseforedlingselskapet Hofseth International, oppdrettselskapet Hofseth Aqua og børsnoterte Hofseth Biotech, som vidareforedlar avskjær og restavfall frå lakseforedlingsindustrien.

Inseanergy held på med fintellinga etter emisjonen enno, men administrerande direktør og medeigar Jan Erik Våge Klepp seier selskapet no har rundt 600 aksjonærar.

Sprang ut frå Plany-miljøet
Nest største eigar er S. Notøy Eiendom med 12,7 prosent. S. Notøy Eiendom er eigd av fleire medlemer av Notøy-familien og er er eigar av presenningsprodusenten Plany i Sande kommune. Før kapitalutvidinga var S. Notøy Eiendom største aksjonær i Inseanergy.

Jan Erik Våge Klepp var tidlegare dagleg leiar i Plany før Inseanergy-satsinga. Han er tredje største aksjonær (7,6 prosent) gjennom sitt selskap Teknologen Invest.

Fjerde største aksjonær etter kapitalutviklinga er Nicolay Grove-Knutsen, som ifølgje Finansavisen tente godt på å investeringa si i Rec Silcon.

Grove-Knutsen eig 5,3 prosent av aksjane i Inseanergy gjennom sitt heileigde selskap Ørn.

Fullt hus
Inseanergy gjennomførte kapitalutvidinga gjennom Folkeinvest, eit selskap som har spesialisert seg på å hente inn kapital frå mange og små investorar.

Minstebeløpet for å investere er sett lavt, for Inseanergy sitt vedkomande til 4.811,60 kroner.

Kapitalutvidinga i Inseanergy vart fullteikna i løpet av få dagar og er ei av dei største i Folkeinvest-regi.

I tillegg til dei fire største eigarane er det berre fem andre eigarar med over to prosent eigarandel i selskapet; Proff Invest (Nortel-sjef Christian Pritchard) med 4,3 prosent, noverande Plany-sjef Kjell-Åge Saure med 4,1 prosent, Pir Invest med tre prosent, investeringselskapet Oxidane Venture i Kristiansand med 2,2 prosent og økonomi- og HR-sjef Liva C. Notøy i Plany med 2,1 prosent.

Solkraftverk på sjøen
Ideen til Inseanergy er å bygge og vedlikehalde solcellekraftverk på utrangerte oppdrettsmerder.

Det første testanlegget til Inseanergy er på Hofseth Aqua sitt anlegg nær Stranda sentrum.

Målet er å utnytte oppdrettsmerder som ellers skal skrapast, og forsyne oppdrettsanlegg med straum.

I neste omgang er målet å kunne gjere oppdrettsanlegga uavhengige av straumnettet ved å kombinere kraftproduksjon frå solceller med kraftproduksjon basert på hydrogen som er produsert ved elektrolyse.

Publisert: 04.02.2022 11:05

Sist oppdatert: 04.02.2022 11:53

Mer om