Jon Erik Engeset Hexagon foto Ogne
AKSJEPROGRAM: Hexagon Composites-sjef Jon Erik Engeset er mellom dei som er inkludert i aksjeprogrammet til selskapet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Har kjøpt eigne aksjar for drygt 32 millionar

Hexagon Composites-aksjen opp kring 25 prosent sidan selskapet annonserte aksjeprogram for leiarane.

Marius Rosbach
07.09.2023

Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka

For tre veker sidan annonserte Hexagon Composites at dei ville kjøpe eigne aksjar til ein verdi på opptil 50 millionar kroner.

Årsaka er at dei skal oppfylle forpliktingane i eit insentivprogram for aksjebasert påskjøning. Programmet gjeld for leiande tilsette og har ei årleg tildeling av aksjar. Desse kan løysast inn etter tre år avhengig av selskapet si finansielle utvikling.

Generalforsamlinga i april ga grønt lys for å kjøpe eigne aksjar opp til ti prosent av aksjekapitalen. Då børsen stengte onsdag, hadde selskapet kjøpt aksjar for 32 millionar kroner – tilsvarande 0,45 prosent av aksjekapitalen.

Tilbakekjøpsprogrammet vil vare til slutten av oktober og blir utført av ein uavhengig tredjepart. I lønnsrapporten skriv styret at dei ser på aksjeprogrammet som ein viktig del av kompensasjonen til leiarane – og som nødvendig for å halde på – og tiltrekke seg talent.

Slik tilbakekjøpsprogram har også gjerne den effekten at aksjeverdien går opp. Det er også tilfelle for Hexagon Composites. Sidan programmet vart annonsert, har aksjen auka med kring 25 prosent.

Det å verdt å merke seg at selskapet også leverte tal for andre kvartal rett i forkant av annonseringa av tilbakekjøpsprogrammet, som truleg har påverka investorane. Rapporten viste at selskapet gjekk i pluss etter at underskotet til Hexagon Purus ikkje lengre blir konsolidert inn i rekneskapen.

Torsdag vart likevel ein nedtur for Hexagon Composites-aksjen – som for dei fleste selskapa frå Nordvestlandet. Då Oslo børs stengte hadde kursen falle med 3,86 prosent til 36,86 kroner.

Berre tre av 16 selskap frå regionen fekk kursauke torsdag, og Statt Torsk-aksjen auka mest. Også hovudindeksen hadde ein raud dag med eit fall på nær 0,53 prosent til 1 263,04 poeng.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Statt Torsk kr 0,51 8,28 %
Eqva (tidl. Havyard Group) kr 2,84 1,43 %
Sparebanken Møre kr 76,99 1,33 %
Havila Shipping kr 9,34 0,00 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,16 -0,34 %
Hav Group kr 9,44 -0,84 %
Norva 24 Group* 23,05 kr -1,07 %
Hofseth Biocare kr 3,05 -1,61 %
Havila Kystruten kr 1,10 -1,79 %
Arctic Bioscience kr 9,42 -1,88 %
Salmon Evolution kr 6,24 -1,89 %
Hexagon Purus kr 17,56 -2,01 %
Nortel kr 25,00 -2,34 %
Endúr kr 45,60 -2,56 %
Hexagon Composites kr 36,86 -3,86 %
Atlantic Sapphire kr 1,72 -4,65 %
* Kurs i SEK

Publisert: 07.09.2023 17:00

Sist oppdatert: 07.09.2023 17:00

Mer om