Havila Castor dåp gudmor Aurora Sævik Foto Havila Kystruten
Kraftig børsfall: Fredagens børsfall for Havila Kystruten tiltok i styrke utover mandagen. Etter børsslutt kom melding om emisjon i selskapet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Kraftig fall før melding om emisjon

Havila Kystruten vil hente 65 millionar euro - cirka 760 millionar kroner - i ny eigenkapital til 1,10 kroner aksjen. Dagens sluttkurs var 5,06 kroner.

Fredag klokka 15.53 presenterte Havila Kystruten kvartalsrekneskapen sin for Q1 2023, og kursen tok til å falle den siste timen med handel. Kursfallet fortsette utover mandagen, og Havila Kystruten sto att som dagens børstapar blant dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet.

Ved børsslutt er kursen 5,06 kroner per aksje, som tilsvarar eit fall på 14,2 %.

All time low for Havila Kystruten inntraff for berre to veker sidan, då enda kursen på 3,50.

Litt etter børsen hadde stengt for dagen kom meldinga om av Havila Kystruten skal gjennomføre ein emisjon - til 1,10 kroner aksjen.

Dei som har seld Havila Kystruten i år kan vere fornøgde, for hittil i år har kursen falle 53,4 prosent, og i morgon vil den truleg falle enda meir.

Les børsmelding her

Kombinerer lån og emisjon
Opphavleg arbeidde Havila Kystruten for å få til ein refinansiering gjennom eit lån som skulle fri selskapet frå sin opphavlege långivar, det statseigde russiske selskapet GTLK - og dermed konsekvensen av at GTLK var omfatta av sanksjonane.

I børsmeldinga skriv Havila Kystruten at selskapet i samtalar med rådgivarar og potensielle investorar blir løysinga i staden ein emisjon på 65 millionar Euro og eit obligasjonslån på 325 millionar euro i staden. Det betyr at långivarane ville at eigarane skulle gå inn med meir eigenkapital, og dermed dempe risikoen for långivarane.

Sævik-familiens selskap, Havila Holding, eig 60,42 prosent av aksjane i Havila Kystruten og har forplikta seg til å gå inn med 40 millionar Euro i emisjonen. Det gjer at selskapet vil oppretthalde sin eigarandel.

På pluss-sida for Havila Kystruten-aksjonærane er at selskapet får betre betalt frå staten for å segle ruta Bergen - Kirkenes. Betalinga stig 19 prosent frå neste år, som utgjer 65 millionar kroner i året.

Brei nedgang
Hovudindeksen på Oslo Børs gjekk ned 1,01 % måndag, etter ein handelsdag med nedgang frå start. Også i dei europeiske marknadene har pilene peika nedover.

Arctic Bioscience hadde heller ingen god handelsdag, og er ned 9,09%.

Søndag kunne NETT NO melde at berre tre av dei børsnoterte selskapa på nordvestlandet leverte positive kvartalstal i 1. kvartal i år.

Artikkelen er oppdatert, mellom anna med endelege kursar etter handelsslutt og informasjon om innhaldet i børsmeldinga Havila Kystruten sende ut etter børsen hadde stengt.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Nortel 29,80 8,76 %
Hofseth Biocare 2,86 3,24 %
Statt Torsk 0,54 1,89 %
Hav Group 9,58 1,48 %
Endúr 41,60 1,46 %
Havila Shipping 12,50 0,16 %
Sparebanken Møre 75,76 -0,32 %
Hexagon Composites 27,62 -1,50 %
Atlantic Sapphire 8,10 -2,06 %
Eqva (tidlegare Havyard Group) 3,00 -2,91 %
Salmon Evolution 6,32 -2,92 %
Golden Energy Offshore Services 1,10 -3,15 %
Hexagon Purus 21,95 -3,73 %
Arctic Bioscience 9,50 -9,09 %
Havila Kystruten 5,06 -14,24 %
Norva 24* 27,0 0,75%
*Svenske kroner

Publisert: 19.06.2023 16:12

Sist oppdatert: 20.06.2023 01:09

Mer om