Berre tre selskap med overskot
Kursfall for åtte av 15 børsnoterte selskap på Nordvestlandet.
1. kvartal 2023 blei eit nytt kvartal med underskot for dei fleste børsnoterte selskapa på Nordvestlandet.
Norva24 i Stryn, Sparebanken Møre og Havila Shipping fekk overskot før skatt i kvartalet, ellers var det minusresultat. (Sjå tabell under)
Samanlikna med 1. kvartal i 2022 auka det samla overskotet i år, først og fremst fordi underskota auka hos Hexagon Composites, Hexagon Purus og Havila Kystruten.
Kursfall for torsk
Størst kursfall så langt i år er det hos Statt Torsk, med ein nedgang på nesten 70 prosent. Selskapet fekk ikkje så godt betalt for fisken sin som som venta, og det har vore med på å trekkje kursen ned.
Nummer to på taparlista er Havila Kystruten, som etter planen omsider skal få sett dei to siste av fire skip i trafikk i sommar etter forseinkingar både i bygginga og på grunn av selskapet hadde finansiert seg hos det statseigde russiske selskapet GTLK. GTLK vart omfatta av sanksjonane mot Russland etter krigen mot Ukraina, og Havila Kystruten har først nyleg fått rydda av vegen dei siste hindra for ei refinansiering som skal erstatte GTLK-finansieringa.
Ventar på Nortel-avklaring
Børsvinnaren på Nordvestlandet så langt i år er mobiltelefonselskapet Nortel, med som tidlegare i år varsla at det hadde friarar på døra - og ville kome med ei avklaring om vegen vidare i løpet av første halvår.
På andreplass, med ein kursauke på nesten 19 prosent, kjem industri- og ingeniør-konsernet Endùr, som mellom omfattar datterselskapet Artec Aqua i Ålesund.
Resultat for børsnoterte selskap på Nordvestlandet | |||||
1. kvartal. I mill. kroner | |||||
Driftsinntekt | Resultat før skatt | Kursutvikling hittil i år | |||
2023 | 2022 | 2023 | 2022 | I prosent | |
Hexagon Composites | 1261 | 1016 | -177 | -101 | 2,34 % |
Norva 24 | 705 | 526 | 45 | 25 | -20,60 % |
Sparebanken Møre | 500 | 387 | 269 | 209 | -9,96 |
Endúr | 485 | 612 | -63 | -6 | 18,88 % |
Havila Shipping | 375 | 148 | 118 | -16 | 0,81 % |
Hexagon Purus | 244 | 159 | -155 | -119 | 10,14 % |
Havila Kystruten | 117 | 47 | -203 | -54 | -45,62 % |
Hav Group | 110 | 198 | -13 | 5 | 11,06 % |
Nortel | 73 | 35 | -27 | -13 | 23,42 % |
Hofseth Biocare | 45 | 31 | -38 | -36 | -15,50 % |
Statt Torsk | 37 | 8 | -4 | -8 | -68,73 % |
Golden Energy Offshore Services | 34 | 12 | -33 | -24 | -9,52 % |
Salmon Evolution | 3 | 7 | -32 | 2 | -21,28 % |
Arctic Bioscience* | -11,44 % | ||||
Atlantic Sapphire* | 11,31 % | ||||
Sum | 3989 | 3186 | -313 | -136 | |
*Gir ikkje ut fullstendig kvartalrekneskap |
Les også
Hexagon Composites slit med kostnadsauke og krøll i forsyningslinene.
Utlånsveksten aukar for Sparebanken Møre. Opnar kontor i Oslo.
Meir enn dobla aksjeverdi på eitt år. Og Havila Shipping dobla inntektene samanlikna med i fjor.
Havila Kystruten-kursen steg litt da kvartalstallene kom, men endte likevel i minus i dag.
Hav Group skal levere CO2-utsleppsfri teknologi til store bulkskip.
Har dobla inntektene og utvida låneramma for å finansiere vekst.
Over 90 prosent utnyttingsgrad for Golden Energy Offshore Services.
Salmon Evolution snart klar til å satse i Sør-Korea, USA og Canada.
Publisert: 19.06.2023 05:00
Sist oppdatert: 18.06.2023 15:23