2. juni fall aksjekursen i Havila Kystruten til 3,55 kroner.
Så seint som 28. april i år var aksjekursen til selskapet 9,28 kroner, men så starta ein bratt nedtur som ikkje snudde før kursen var nede i 3,55 kroner aksjen.
Kursfallet skjedde i samstundes som selskapet kom med meldingar om at Havila Kystruten var i ferd med å løyse problema med å fri seg frå banda til sin statseigde russiske långivar, GTLK, og dermed kunne kome fri frå konsekvensen av at GTLK var omfatta av sanksjonane mot Russland.
Det var naudsynt for å få refinansiert Havila Kystruten og få sett dei to siste av fire skip i rute mellom Bergen og Kirkenes.
No ser det omsider ut til at aktørane i aksjemarknaden har fått trua på at Havila Kystruten faktisk vil lukkast. Dei juridiske hindra er passert. Det som gjenstår no er å få investorar med på eit obligasjonslån på 4,7 milliardar kroner.
I dag enda Havila Kystruten-kursen på 5,98 kroner, opp 25,58 prosent sidan sluttkurs i går.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Havila Kystruten | 5,98 | 24,58 % |
Statt Torsk | 0,53 | 10,65 % |
Nortel | 31,00 | 7,64 % |
Arctic Bioscience | 11,00 | 4,76 % |
Hav Group | 9,60 | 2,13 % |
Endúr | 40,00 | 1,01 % |
Sparebanken Møre | 75,00 | 0,67 % |
Havila Shipping | 13,30 | 0,00 % |
Hexagon Composites | 27,28 | -0,07 % |
Norva 24* | 27,10 | -0,18 % |
Hexagon Purus | 22,15 | -0,67 % |
Hofseth Biocare | 2,63 | -2,23 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,12 | -2,61 % |
Salmon Evolution | 6,76 | -2,73 % |
Eqva (tidlegare Havyard Group) | 3,08 | -3,45 % |
Atlantic Sapphire | 7,81 | -4,76 % |
*Svenske kroner |
Publisert: 13.06.2023 16:48
Sist oppdatert: 13.06.2023 16:49