Børsdagen: Havila Shipping dagens børstapar
Aksjane i offshorereiarlaget fall over 11 prosent.
Sjå børstabell for Nordvestlandet under
Havila Shipping-kursen svinga mellom 7,02 og 6,01 kroner kroner måndag. 6,01 kroner aksjen, var også status då børshandelen stengte i ettermiddag.
Det er ned 11,62 prosent sidan fredag i førre veke, og gjorde reiarlaget til dagens tapar av selskapa frå Nordvestlandet.
Trass i at aksjonærane utanom hovudaksjonær Havila Holding har ein kraftig utvatning i vente - og trass i kursfallet, er Havila Shipping likevel verdsett til 67 prosent over årets botnnotering, på 3,60 kroner aksjen i mars.
Kursen er også 11,5 prosent høgare, enn ved inngangen til 2024.
Aksjane i det andre børsnoterte offshorereiarlaget med adresse på Nordvestlandet, Golden Energy Offshore Services, steig med 0,54 prosent måndag, og er no prisa 31,91 prosent høgare enn ved starten på 2024.
Børsvinnaren på Nordvestlandet blei Havila Kystruten, med ein oppgang på fem prosent. Aksjekursen til selskapet har stige 13,82 prosent hittil i år.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Havila Kystruten | 0,84 | 5,00 % |
Norva 24 Group* | 25,30 | 1,81 % |
Hexagon Composites | 17,04 | 1,55 % |
Atlantic Sapphire | 0,91 | 1,46 % |
Salmon Evolution | 7,04 | 1,00 % |
Endúr | 47,80 | 0,63 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,86 | 0,54 % |
Hav Group | 9,06 | 0,00 % |
Romsdal Sparebank | 109,60 | -0,36 % |
Arctic Bioscience | 9,80 | -0,51 % |
Sparebanken Møre | 84,50 | -1,08 % |
Hofseth Biocare | 2,06 | -1,44 % |
Hexagon Purus | 5,19 | -2,81 % |
Havila Shipping | 6,01 | -11,62 % |
* Kurs i SEK |
Publisert: 29.04.2024 16:53
Sist oppdatert: 29.04.2024 19:53