Bent Martini anløp Havila Pollux foto Marius Rosbach 111
MOTORTRØBBEL: Havila Kystruten-sjef Bent Martini måtte sette Havila Pollux ut av drift etter motortrøbbel forrige veke. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Børsdagen: Havila-skip tilbake i drift

Kurshopp etter at reiarlaget fekk skip tilbake frå verkstad. Høg flåteutnytting i offshore.

Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka

På grunn av tekniske feil ved ein motor måtte Havila Kystruten-skipet Havila Pollux avbryte reisa nordover frå Trondheim den 30. november.

No opplyser selskapet i ei børsmelding at skipet er tilbake i drift tysdag. Då vil skipet gå sørover frå Trondheim.

Sidan 31. oktober har skipet vore inne til reparasjon og fått skifta ein el-motor ved Fosen verft.

Kursen spratt opp
Då Havila Pollux avbraut reisa si, fekk Havila Kystruten-aksjen ny botnnotering. Aksjen fall 10,21 prosent førre måndag og aksjekursen slutta på 0,77 kroner.

Tidleg måndag ettermiddag spratt kursen opp etter nyheita om Havila Pollux. Ved 14-tida var den opp meir enn 4,5 prosent til drygt 80 øre. Ved slutten av dagen var kursen på 0,83 kroner etter ein oppgang på 5,09 prosent.

Passasjerar som fekk reisa si avbrutt kunne velje å flytte reisa til eitt av deira andre skip, eller vente på neste tur med Havila Pollux som går frå Bergen 8. november.

– Positiv utvikling
Selskapet skriv vidare i børsmeldinga at dei har hatt ei positiv utvikling gjennom 3. kvartal med alle fire skip i full operasjon.

– Selskapet har stor pågang på bestillingar inn 4. kvartal 2023.

Dei har allereie nådd 50 prosent av målsettinga for bestillingar i 2024.

Arctic Bioscience var mellom selskapa frå Nordvestlandet som steig mest måndag. Oppgangen på drygt 20 prosent skjedde på låge volum.

Hexagon Purus fall mest av børsselskapa frå regionen med ein nedgang på 5,99 prosent til 10,68 kroner.

Høg flåteutnytting for Golden Energy
Golden Energy Offshore Services hadde ei flåteutnytting for sine fire skip på 96 prosent.

Det opplyser reiarlaget i ei melding ved børsslutt måndag.

Skipa fekk i snitt betalt 1.783 dollar per dag i løpet av oktober månad og marknaden er i betring i fleire regionar.

PSV-ane Energy Swan og Energy Empress er på faste oppdrag, medan Energy Duchess, Energy Passion og Energy Paradise er alle no i spotmarknaden med høg utnytting, ifølgje reiarlaget. Energy Paradise skal inn på fast oppdrag frå desember.

Golden Energy Offshore var mellom aksjane frå Nordvestlandet som steig måndag. Sluttkursen enda på 1,23 kroner.

Hovudindeksen for Oslo børs starta veka med ein oppgang på 0.49 prosent til 1291,24 poeng.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Arctic Bioscience kr 10,00 20,48 %
Statt Torsk kr 0,54 7,60 %
Endúr kr 42,00 5,79 %
Havila Kystruten kr 0,83 5,09 %
Hofseth Biocare kr 2,85 1,79 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,23 1,15 %
Sparebanken Møre kr 76,60 0,07 %
Atlantic Sapphire kr 1,44 -0,14 %
Salmon Evolution kr 5,92 -1,00 %
Havila Shipping kr 6,90 -1,29 %
Hexagon Composites kr 26,98 -1,60 %
Norva 24 Group* 19,56 kr -2,69 %
Eqva (tidl. Havyard Group) kr 2,51 -2,71 %
Hav Group kr 9,40 -5,05 %
Hexagon Purus kr 10,68 -5,99 %
* Kurs i SEK

Publisert: 06.11.2023 14:26

Sist oppdatert: 06.11.2023 17:39

Mer om