Hav Group skjermfoto 4 Q
AUKA MEST: Hav Group-sjef Gunnar Larsen kunne konstatere størst verdiauke av selskapa frå Nordvestlandet onsdag. Skjermfoto
Nytt

Børsdagen: Herøy i topp og botn

Marius Rosbach
15.06.2022

Onsdag vart det Herøy-selskap som både auka mest og fall mest, mellom selskapa frå Nordvestlandet. Aksjekursane gjekk mest i minus for selskapa frå regionen.

Åtte av 14 selskap fall, medan for to stod kursen stille (sjå tabell under).

Hav Group-aksjen steig med 6,3 prosent og enda på 14,5 per aksje. Kursen har svinga dei siste månadene, men er no tilbake litt over nivået frå årsskiftet.

Reiarlaget Havila Shipping fall mest av selskapa frå nordvest med 11,82 prosent og kursen enda på 17,46 kroner ved børsslutt.

Mykje av børsdagen dreia seg om forventingane til amerikanske renteauken som kjem ved 20-tida onsdag norsk tid.

Hovudindeksen ved Oslo børs henta seg inn etter ein tung start på dagen, og enda med 0,64 prosents oppgang til 1.2223,43.

Eit fat nordsjøolje var ved børsslutt ned ein knapp prosent i løpet av dagen, og blei selt til 119,71 dollar fatet.

Sjå børstabell under:
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Hav Group 14,5 6,30 %
Havyard Group 4,55 2,48 %
Havila Kystruten 18,3 1,08 %
Hofseth Biocare 3,76 0,53 %
Salmon Evolution 8,15 0,37 %
Sparebanken Møre 76,28 0,30 %
Nortel 18 0,00 %
Arctic Bioscience 15 0,00 %
Norva24 Group * 33,5 -0,44 %
Hexagon Composites 28,22 -0,91 %
Statt Torsk 2,36 -1,67 %
Golden Energy Offshore Services 2,38 -3,25 %
Endúr 0,52 -3,70 %
Hexagon Purus 27,76 -4,75 %
Atlantic Sapphire 19,6 -5,77 %
Havila Shipping 17,46 -11,82 % |
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen.

Publisert: 15.06.2022 16:43

Sist oppdatert: 15.06.2022 17:07

Mer om