Nikola Truck foto Nikola
STOPP: 235 Nikola-lastebilar er bygd så langt, og det er ikkje sikkert det blir fleire etter at selskapet har søkt om konkursvern for å finne ei løysing for å unngå konkurs. Foto: Nikola
Nytt

Børsdagen: Hexagon Purus-kunde i trøbbel

Den amerikanske lastebilprodusenten Nikola søker om konkursvern.

20.02.2025

I april 2021 melde Hexagon Purus om ei utvikling- og produksjonsavtale med Nikola som potensielt kunne gi Hexagon Purus nær to milliardar kroner i inntekt i framtida.

No har Nikola søkt om konkursvern, skriv Wall Street Journal. Den såkalla chapter 11-ordningen i USA gir selskap vern mot å bli slått konkurs i ein periode, slik at selskapet får tid til å finne og forhandle fram ei løysing for vidare drift. 

Det vil i i så fall blir eit selskap i mindre skala, ifølgje avisa. Nikola har allereie stoppa produksjonen av lastebilar og vil frå neste månad ikkje vere i stand til å yte full service til dei bilane som alt er levert. Per oktober i fjor hadde Nikola levert 235 hydrogen-elektriske lastebilar sidan produksjonen starta i 2023, skriv Wall Street Journal.

Skulle gå på hydrogen
Nikola sin plan var å bygge lastebilar som gjekk på elektrisitet, produsert av brenselceller med hydrogen som energiberar. Hexagon Purus lagar tankar og system for bruk av hydrogen, mellom anna til lastebilar.

Hydrogen kan produserast ved å spalte vatn til oksygen og hydrogen ved hjelp av elektrisitet. Skjer det med elektristet frå fornybar energi, som vatn, sol og vind, eller frå atomkraft, blir det energi som ikkje fører til CO2-utslepp.

I 2021 var dette i vinden, men Nikola har ikkje innfridd forventningane.

Tøffare tider
No er marknaden som Nikola og Hexagon Purus er ein del av også råka av det politiske skiftet i USA. 

Då Hexagon Purus la fram resultat per 4. kvartal 2024 varsla selskapet at det kuttar kostnadar med 200 millionar kroner og seier opp 15 prosent av dei tilsette.

Mykje av årsaka til usikkerheita kjem som følgje av presidentskiftet i USA. Samtidig er utviklinga i hydrogenmarknaden svakare enn venta i Europa, blir det opplyst i børsmeldinga

– Vi er hardt råka av konsekvensane frå usikkerheita kring  den komande politikken, sa Hexagon Purus-sjef Morten Holum under presentasjonen av resultata.

Artikkelen er oppdatert, mellom anna med aksjekursar til børsnoterte selskap på Nordvestlandet, etter at børsen stengte i ettermiddag.

Børsdagen  
   
SelskapKurs i kroner%-Endring i dag
Arctic Bioscience3,28 17,14 %
Norva 24 Group*25,105,46 %
Golden Energy Offshore Services19,40 2,37 %
Sparebanken Møre100,98 0,98 %
Romsdal Sparebank126,78 0,64 %
Hav Group5,60 0,00 %
Salmon Evolution6,60 -0,15 %
Endúr75,00 -1,45 %
Hexagon Composites29,55 -2,15 %
Atlantic Sapphire11,14 -2,69 %
Hexagon Purus2,07 -3,05 %
Havila Shipping1,40 -3,97 %
Hofseth Biocare2,65 -6,69 %
Havila Kystruten0,80 -10,11 %
* Kurs i SEK  

Publisert: 20.02.2025 09:16

Sist oppdatert: 20.02.2025 16:52

Mer om