Kjempekontrakt for Hexagon Purus
Utviklings- og produksjonsavtale kan sikre milliardinntekter for hydrogenselskapet.
Hexagon Purus har signert ein langsiktig avtale med Nikola Corporation, om å utvikle og produsere hydrogentankar til den amerikanske lastebilprodusenten.
Avtalen er venta å gi inntekter på kring 200 millionar euro – eller nær to milliardar kroner – ifølgje ei børsmelding frå selskapet torsdag.
Skal utvikle og levere tankar
Nikola-konsernet lagar i hovudsak store lastebilar med låge utslepp. Teknologien som Hexagon Purus er med å utviklar skal etter planen bli godkjent for distribusjon i Europa og USA.
Kontrakten strekker seg over fleire år og startar opp i andre kvartal i år. Ifølgje avtalen skal Hexagon Purus utvikle og levere «type 4»-hydrogentankar til Nikola.
Arbeidet banar også vegen for at Hexagon Purus kan sikre seg fleire tilsvarande prosjekt for ein rekke typar lastebilar og kjøretøy i Nikola si verksemd, blir det opplyst.
Skilt ut
Hexagon Purus omfattar hydrogenverksemda til Hexagon Composites og vart skilt ut i fjor haust. Medan Hexagon Composites lagar drivstofftankar og -system for naturgass lagar Hexagon Purus det same for hydrogen. Hexagon Composites eig 75 prosent av aksjane i Hexagon Purus etter børsnotering i desember.
Kursutviklinga i Hexagon Purus gjekk kraftig opp dei første par månadene, men har gått ned sidan. Etter å ha starta på 40 kroner aksjen, steig aksjeverdien til meir enn 75 kroner – men var ved børsslutt onsdag nede i 50 kroner.
Tidleg torsdag gjorde verdien eit hopp og aksjen blei handla for nær 57 kroner. I løpet av den neste timen fall kursen tilbake att.
Publisert: 29.04.2021 08:27
Sist oppdatert: 29.04.2021 09:53